Coventry City

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Coventry City
Fullt namn Coventry City Football Club
Kallenamn "The Sky Blues"
Grunnlagd 13. august 1883 som Singers FC
Heimebane Coventry Building Society Arena
(Kapasitet: 32 609)
Styreleiar Tim Fisher
Hovudtrenar Mark Robins
Liga EFL Championship
Nettstad www.ccfc.co.uk

Coventry City Football Club er ein profesjonell fotballklubb heimehøyrande i Coventry i West Midlands i England. Klubben vart skipa i 1883 og kom med i The Football League i 1919. KLubben spelte i 1. divsjon og Premier League samanhengande frå 1967 til 2001, den einaste perioden Coventry City har spelt toppserie-fotball. I 1987 vann laget FA-cupen gjennom siger 3 mot 2 i finalen mot Tottenham HotspurWembley stadion.

Coventry City spelar i lyseblå drakter. Highfield Road var heimebane frå 1899 til 2005, sidan då spelar laget på eit stadion med plass til 32 609 tilskodarar.

Fire Coventry-spelarar har gjort teneste for Englands landslag i fotball: Reg Matthews, Danny Thomas, Cyrille Regis og Dion Dublin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]