Craco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamlebyen i Craco.

Craco er ein gamal, liten og forlaten landsby i provinsen Matera i regionen Basilicata i det sørlege Italia.

Den gamle byen er av omsyn til forsvaret lokalisert på ei klippe. Grunna ei rekkje jordras blei byen forlaten i 1963. Utanfor gamlebyen bur det i dag rundt 700 menneske. Etter at Craco blei ein spøkelsesby har byen blitt populær som turistattraksjon og som lokalisering for fleire kjende filmar som mellom anna The Passion of the Christ av Mel Gibson, King David av Bruce Beresford, Il sole anche di notte av Brødrene Taviani, The Nativity Story av Catherine Hardwicke og Quantum of Solace av Marc Forster.

I 2010 blei Craco inkludert på overvakingslista til World Monuments Fund.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Craco ligg om lag 40 km i innlandet frå Tarantobukta ved vrista av «den italienske støvelen». Det er ein typisk by på eit høgdedrag i regionen som er prega av avrunda, bølgjande former - og landet kringom er prega av åkrar med kveite. Over heile området er det mange haugar med lite vegetasjon som på italiensk blir kalla for calanchi («dårleg land», altså ufruktbart område) som er forma av omfattande erosjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruinar i Craco.
Detaljar av ruinane.

Rundt år 540 busette grekarar seg i det området som blei kalla for «Montedoro». Dei flytte innover i landet frå kystbyen Metaponto. Graver som er funne er daterte frå 700-talet og tyder på at den opphavlege busetjinga er frå denne tida. Namnet på byen kan bli datert til år 1060 då erkebiskop Arnaldo, biskop av Tricarico[1], rådde over landet. Han kalla området for «Grachium», som tyder noko slikt som «den lite pløgde marka». Folket i byen er blitt prega av den lange tilknytinga dei har hatt til kyrkja[2].

Frå 1154 til 1168 gjekk herredømet over til ein Eberto som etablerte den første føydale kontrollen over landsbyen. Deretter blei Roberto di Pietrapertos i 1179 landherre av Craco[3]. I 1276 blei eit universitet etablert i byen. På 1200-talet blei også ei festning bygd under leiing av Attendolo Sforza. i 1293, under Federico II, blei byborgen gjort om til fengsel.

Fire palass blei etablerte i byen på 1400-talet: Palazzo Maronna i nærleiken av tårnet, Palazzo Grossi i nærleiken av den store kyrkja, Palazzo Carbone på eigedomen Rigirones, og Palazzo Simonetti[2].

Folketalet auka jamnt frå 450 i 1277; 655 i 1477; 1718 i 1532 til det nådde 2590 i 1560. I dei neste hundreåra låg talet på kring 1500. I 1656 blei byen råka av pesten, og hundrevis av byborgarar døydde.

I 1799 gjorde folket opprør mot det føydale systemet. Deretter hamna byen inn under det italienske kongedømet, men blei deretter styrt for ei tid av den franske okkupasjonsmakta. I 1815 var byen stor nok til at han blei delt i to distrikt: Torrevecchia – det høgste området ved festninga og tårnet, og Quarter della Chiesa Madre – området ved kyrkja San Nicola[2].

Etter samlinga av Italia på byrjinga av 1800-talet blei Craco erobra av Carmine Crocco, leiar for ei stor gruppe bandittar, brigantaggio. Talet på desse var aukande og var til plage for byen til langt ut på 1860-talet. Då den sivile striden var til ende sto byen overfor nye problem, miljømessige og geologiske. Frå 1892 til 1922 utvandra over 1300 av folket i byen til USA.

Mellom 1959 og 1972 blei delar av landsbyen øydelagt ved ei rekkje jordskred. Dette geologiske trugsmålet har vore kjent av italienske forskarar sidan 1910. I 1963 blei dei siste 1800 innbyggjarane flytte ut av landsbyen og overført til ein stad kalla Craco Peschiera. Siden har det ikkje budd nokon i Craco[3].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Diocese of Tricarico
  2. 2,0 2,1 2,2 «History of Basilicata and Craco» Arkivert 2013-12-08 ved Wayback Machine., The Craco Society
  3. 3,0 3,1 Italian Ghost Town: Craco, Italy