Cubansk peso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Peso er den offisielle valutaenCuba, men grunna den spesielle situasjonen landet er i i høve til den kommunistiske økonomien, kombinert med USA sin handelsblokkade, er det i praksis tre ulike valutaer på Cuba:

  1. Cubansk peso (ISO 4217-kode CUP) er den opphavlege valutaen. Denne vert stort sett berre brukt av lokalbefolkninga til å kjøpe nødvendige varer. Denne valutaen kan ein ikkje få veksla inn andre steder i verda.
  2. Amerikansk dollar (ISO 4217-kode USD) var inntil 14. november 2004 offisiell valuta, men frå denne datoen var ikkje dollaren lenger eit gyldig betalingsmiddel. Ein kan få veksla amerikanske dollar på større hotell i landet og får da 0,9 «konvertible peso» for ein dollar. I praksis kan ein framleis (1.1.2005) bruke amerikanske dollar på landet.
  3. Konvertibel peso (ISO 4217-kode CUC) er den offisielle turistvalutaen på Cuba. Her står det «peso» på den eine sida av valutaen og «$» på den andre sida, og tidlegare svara den til nøyaktig 1 US$. Ein får om lag 21 cubanske peso for ein konvertibel peso. Denne valutaen kan ein heller ikkje få veksla inn andre stader i verda.