Kommunisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hammar og sigd har sidan 1917 vorte nytta som eit symbol for kommunistar. Det skal visa fellesskapet mellom proletarar og bønder.

Kommunisme (av latin communis - felles) er ein politisk ideologi grunnlagd av Karl Marx og Friedrich Engels. Kommunisme er òg eit omgrep som vert bruka om det kommunistiske samfunnet, eit klasselaust, statslaust fridomssamfunn, og om dei samfunnsformene som skal fremja ein overgang til eit slikt framtidssamfunn.

Innan marxistisk teori er kommunisme namnet på eit samfunnssystem der den private eigedomsretten er oppheva og eigarskapet til produksjonsmidla er overført til fellesskapet. Sentralt for kommunistane er at samfunnet er klassedelt, og at ein i eit kapitalistisk samfunn har ein konflikt (klassekamp) mellom kapitaleigarar (overklassen eller borgarskapet) og arbeidarar. Ein overgang frå kapitalisme til kommunisme vil innebera at arbeidarklassen tek statsmakta og makta over produksjonsmidla. Kommunistane ser på staten først og fremst som eit middel for ein samfunnsklasse til å undertrykkja ein annan klasse.

Marx meinte at det måtte ein revolusjon (i våre dagar vanlegvis kalla ein sosialistisk revolusjon) til for å ta makta frå kapitalistane. Den første tida etter ein slik revolusjon, fram til samfunnsklassane var oppheva og staten var overflødig, kalla han den første fasen av kommunismen. Dagens kommunistar kallar vanlegvis denne fasen for sosialisme.

Urkommunismen[endre | endre wikiteksten]

I mennesket si tidlege historie fanst det ikkje samfunnsklassar, og folk levde saman i små grupper og måtte samarbeida for å overleva. Slike samfunn kallar ein urkommunistiske samfunn. Eksempel på dette kan vera til dømes indianarstammer som lever av eigne ressursar.

Forsøk på kommunisme i praksis[endre | endre wikiteksten]

Ordet kommunisme vert i dag ofte assosiert med dei forsøka som har vore på revolusjonar og kommunistiske statar på 1900-talet, særleg Russland, seinare Sovjetunionen, der ein gjennomførte den første sosialistiske revolusjonen (Oktoberrevolusjonen). Vladimir Lenin vidareutvikla marxismen til det ein i dag kallar marxismen-leninismen. Mellom anna utvikla han den leninistiske partimodellen, ein partimodell som har vorte brukt av dei fleste vestlege kommunistparti seinare.

På byrjinga av det førre århundret kalla begge retningane i den russiske arbeidarrørsla, mensjevikane og bolsjevikane, seg for sosialdemokratar. Etter revolusjonen i 1917 byrja bolsjevikane å kalla seg kommunistar i 1918, og frå 1919 då den kommunistiske Tredje Internasjonalen blei danna, har kommunismen eksistert som politisk retning internasjonalt. Kommunistane understreka, i motsetning til sosialdemokratane, at eit sosialistisk samfunn berre kunne oppnåast gjennom ein revolusjon, der ein overtok statsmakta, knuste det gamle statsapparatet og oppretta det såkalla proletariatets diktatur.

Også Mao Zedong gav viktige bidrag til kommunistisk ideologi ut frå praktisk-politiske erfaringar etter at revolusjonen sigra i Kina i 1949. Etter kvart splitta den internasjonale kommunistrørsla seg i to leirar, den eine fløya støtta Sovjet og den andre støtta Kina. I Noreg støtta AKP(m-l) Kina og Albania, medan NKP stod nærmare Sovjet.

I praksis utvikla dette «proletariatets diktatur» seg i alle land der kommunistane tok makta til ein eittpartistat der den reelle makta låg/ligg hjå leiinga i kommunistpartiet. Under leiarar som Josef Stalin i Sovjetunionen og Mao Zedong i Kina blei diktaturet i stor grad eit personleg herredømme. Stalinisme og maoisme har historisk vist seg å vera ein anti-demokratisk faktor i mange land, sjølv om somme hevdar det finst døme på det motsette. Dei fleste kommunist-regima har i dag anten falle, som i Russland, eller er heilt endra i innhald, som i Kina, der ein har endra systemet til ein slags statsstyrt kapitalisme, og deretter gradvis innført «vanleg» kapitalisme.

Kommunisme i dag[endre | endre wikiteksten]

Den såkalla eurokommunismen eller reformkommunismen som har utvikla seg i ein del vestlege kommunistparti etter Stalin sin død, kan i praksis seiast å vera sosialdemokratiske retningar.

Kommunisme er i dag ei nemning som blir bruka av svært ulike parti. Det einaste partiet i Noreg som kallar seg kommunistisk, er Norges Kommunistiske Parti, men også Raudt seier i sitt prinsipprogram at dei har kommunisme som mål. For tida finst det også to norske kommunistiske grupperingar som heiter Ten Folket og Revolusjonær Kommunistisk Ungdom. Det er hevda at også den anti-rasistiske organisasjonen SOS Rasisme er sterkt prega av kommunistar i sentrale tillitsverv.[1] Kommunismen som ideologi og kommunistiske parti har i dag liten oppslutnad i Vesten. Delar av Sør-Amerika og Aust-Asia er dei stadene der revolusjonære kommunistparti står sterkast.

Dei statane som i dag er styrt av parti som kallar seg kommunistparti, er Cuba, Vietnam, Kina og Laos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehoug og Gyldendals LILLE NORSKE LEKSIKON. Kunnskapsforlaget 1998.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]