Cuxhaven
| Cuxhaven | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Niedersachsen | ||
| Landkreis | Cuxhaven | ||
| Høgd | 0–38 m | ||
| Areal | 161,93 km² | ||
| Folketal | 49 443 (31. desember 2025) | ||
| Grunnlagd | 1907 | ||
| Postnummer | 27472–27478 | ||
| Retningsnummer | 04721–04724, 04727 | ||
| Bilnummer | CUX | ||
![]() Cuxhaven 53°52′00″N 8°42′00″E / 53.866666666667°N 8.7°E | |||
| Wikimedia Commons: Cuxhaven | |||
Cuxhaven er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg ved kysten av Nordsjøen og munningen av Elbe. Cuxhaven strekkjer seg 14 km frå aust til vest og 7 km frå nord til sør. Han er administrasjonsstad i landkreisen Cuxhaven og er ein populær feriestad ved Nordsjøen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Cuxhaven er ein relativt ung by og vart først ein by 15. mars 1907. I over 600 år fram til 1937 høyrte Cuxhaven til Hamburg.
Mellom 1945 og 1964 vart det utført forskjellige raketteksperiment nær Cuxhaven. I oktober 1945 vart V-2-raketten skote opp som ein demonstrasjon for dei allierte. Seinare vart det avfyrt mange rakettar her, alt frå naudrakettar til store forskingsrakettar. I 1963 vart den første raketten som nådde ei høgd 120 km skote opp frå Cuxhaven. Etter ei ulukke med dødleg utfall i 1964 vart testoppskytinga lagt ned.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cuxhaven» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2019.

