Hopp til innhald

Cædmons hymne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei av dei eldste kjende utgåvene av diktet, frå Moore-manuskriptet av Historia ecclesiastica gentis Anglorum.

Cædmons hymne er eit kort gammalengelsk dikt frå 600-talet som ærar Gud som den allmektige skaparen av verda, dikta av gjetaren Cædmon ved klosteret i Whitby. Diktet er blitt utvida av fleire forfattarar i den såkalla Cædmon-syklusen over eit lengre tidsrom fram til rundt år 1000.

Cædmons hymne blei laga til munnleg framføring og overlevering. Det blei skrive ned på gammalengelsk og i latinsk omsetjing i fleire manuskript av Historia ecclesiastica gentis Anglorum av Beda.

Den følgjande teksten på gammalengelsk byggjer på den eldste kjende nedskrifta av diktet, frå Northumbria på 700-talet.

gammalengelsk
nu scylun hergan   hefaenricaes uard
metudæs maecti   end his modgidanc
uerc uuldurfadur   swe he uundra gihwaes
eci dryctin   or astelidæ
he aerist scop   aelda barnum
heben til hrofe   haleg scepen.
tha middungeard   moncynnæs uard
eci dryctin   æfter tiadæ
firum foldu   frea allmectig[1]

latinsk (Beda)
Nunc laudare debemus auctorem regni caelestis,
potentiam creatoris, et consilium illius
facta Patris gloriae: quomodo ille,
cum sit aeternus Deus, omnium miraculorum auctor exstitit;
qui primo filiis hominum
caelum pro culmine tecti
dehinc terram custos humani generis
omnipotens creavit.

moderne engelsk omsetjing
Now [we] must honour the guardian of heaven,
the might of the architect, and his purpose,
the work of the father of glory
as he, the eternal lord, established the beginning of wonders;
he first created for the children of men
heaven as a roof, the holy creator
Then the guardian of mankind,
the eternal lord, afterwards appointed the middle earth,
the lands for men, the Lord almighty.

  1. Marsden, Richard (2004), Old English Reader, Cambridge: Cambridge University Press, s. 80 , oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  • Nessheim, Ragnhild. «Caedmon» (16. mars 2009), Store norske leksikon. Henta 8. desember 2013.