Gud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jagannath, ei form av guden Visjnu, i eit alter ved vegen i Orissa. Statuen til høgre viser ein mann klar til å bøya seg for guddommen i bøn.
Kyrkjebenker i Gustaf Vasa-kyrkja i Stockholm. Her har mange vore og søkt Gud.
Koranen blir sett på som den direkte talen frå Gud til mennesket av muslimane. Denne sida er laga i Andalusia på 1100-talet.
Dei abrahamittiske religionane fortel at Moses tala direkte med Gud. Her får han dei ti boda frå Gud.

Gud er ei nemning brukt om forestillinga om ei overnaturleg kraft eller eit vesen som har stor makt over verda, og ofte er både allmektig, allvitande og altnærverande. Ein skil mellom ein gud med liten bokstav, som kan vera ein av fleire gudar, og Gud med stor bokstav, som då blir rekna som den einaste guden. Tru på noko gudeleg kallar ein religion. Religionar har ofte fastsette måtar å nærma seg den overnaturlege krafta på, ofte gjennom ulike seremoniar eller bøn.

Former for gudstru[endre | endre wikiteksten]

Monoteisme[endre | endre wikiteksten]

Monoteisme inneber at det finst berre éin Gud, og/eller at den eine, sanne Guden blir tilbeden under ulike namn i ulike religionar. Det er likevel verdt å merkja seg at monoteistar i ein religion kan sjå – og ofte ser – den monoteistiske guden i ein annan religion som ein falsk gud. Til dømes meiner mange kristne fundamentalistar at guden Allah innan islam er ein falsk gud eller demon, sjølv om nokre teologar og språkvitarar går gode for at Allah berre er det arabiske ordet for Gud og ikkje noko bokstaveleg namn på ein særskilt muslimsk gud. Mange jødar ser på den kristne Messias (det vil seia Jesus Kristus) som ein falsk gud. Dei fleste kristne meiner at Bibelens Gud er den einaste, éin treeinig Gud og at alle andre religionar tilber ein falsk Gud. Nokre meiner at alle gudar i andre religionar i røynda er demonar i forkledning (sjå t.d. Andre korintarbrev, kap. 11, vers 14). Austleg religiøse og liberale kristne er meir opne for at folk som har ei anna tru, tilber den same Guden som dei sjølve.

Polyteisme[endre | endre wikiteksten]

Polyteisme er ei tru på fleire ulike og delvis uavhengige gudar som gjerne har ansvar for ulike særfelt og blir dyrka ulike stader eller av ulike personar. Det finst svært mange polyteistiske religionar, til dømes norrøn åsatru, gammal egyptisk gudelære og aztekisk gudelære. Hinduismen blir ofte kalla polyteistisk ettersom det finst fleire guddommar der; mange hinduiske lærarar meiner likevel at dei alle er ulike uttrykk for den same guden.

Panteisme og panenteisme[endre | endre wikiteksten]

Panteisme inneber at Gud er universet og at universet er Gud. Panenteisme tyder at Gud inneheld, men ikkje er det same som universet. Skilnadene mellom desse kan synast underfundige, til dels unødige. Uttrykket panteisme kan òg brukast om naturreligionar der ein meiner at Gud er i alt, og alt er Gud. Kabbala, jødisk mystikk, målar eit panteistisk/panenteistisk syn på Gud som har brei oppslutning innan hasidisk jødedom, særleg grunnleggjaren Baal Shem Tov. Dette er òg synet til den liberale katolske kyrkja, teosofien, kosmoteismen, hinduismen, somme delar av buddhismen og taoismen, saman med visse andre trusretningar og enkeltindivid innan fleire trusretningar.

Teisme og deisme[endre | endre wikiteksten]

Teisme inneber at Gud er både transcendent og immanent – både utanfor verda og i verda – Gud er uendeleg og uforklarleg, og samtidig til stades i kvardagen. Katolsk teologi meiner at Gud er uendeleg enkel og utanfor tid og rom. Dei fleste teistar hevdar at Gud er både allmektig (omnipotent), allvitande (omniscient) og altnærverande (omnipresent), og at Gud er ein god Gud. Men denne trua reiser spørsmål om Guds ansvar for ondskap og liding i verda (sjå: det ondes problem). Nokre teistar tilskriv Gud ei sjølvbevisst eller målbevisst innskrenking av eiga makt, vit og godskap. Open teisme hevdar derimot at det er grenser for Guds makt. Ordet teisme blir av somme brukt om all slags gudstru, anten det er monoteisme eller polyteisme.

Deisme inneber at Gud er utelukkande transcendent: Gud finst, men blandar seg ikkje inn i verda meir enn det han trong for å skapa verda. I dette synet er ikkje Gud menneskeliknande og svarer ikkje på bøner eller lèt det skje mirakel.

Dysteisme[endre | endre wikiteksten]

Dysteisme er ei form for teisme der Gud blir oppfatta som ondsinna. Dette er ein konsekvens av det ondes problem. Dysteistiske overveiingar er vanlege innan fleire slags teologiar, men det er ingen kjende kyrkjer som praktiserer dysteisme. Sjå likevel satanisme (djevel-dyrking).

Ateisme og agnostisisme[endre | endre wikiteksten]

Ateisme er ei nemning brukt om det å ikkje tru på nokon gud. Agnostisisme inneber at ein er usikker på om det finst nokon gud eller ikkje, eller at ein beint fram er overtydd om at ein ikkje kan vita om gud(ar) eksisterer eller ikkje.

Gud skapar mennesket. Utsnitt frå måleri av Michelangelo i det sixtinske kapellet i Vatikanet.

Gudssyn i ulike kulturar[endre | endre wikiteksten]

Norrønt gudssyn[endre | endre wikiteksten]

Åsatrua var ein typisk indoeuropeisk polyteistisk religion der gudane hadde makt og kunne, men ikkje var allmektige og allkunnige. Gudane levde om lag som menneske, dei kjempa, elska, blei lurte og søkte visdom.

Odin, som saman med brørne Ve og Vilje skapte verda og dei første menneska, blir ofte halden fram som den viktigaste norrøne guden. Det finst også andre gudar som Idun og Balder. Men soger og namnetradisjonar tyder på at Tor og Frøy/Frøya var viktigare for folk flest. Tor var ein vêrgud medan Frøy og Frøya var gudar for grøde. Offer til desse gudane ville kanskje blidgjera dei slik at ein fekk godt vêr og gode avlingar.

Jødiske, kristne og muslimske gudssyn[endre | endre wikiteksten]

Jødedommen, kristendommen og islam ser på Gud som eit vesen som skapte verda og herskar over universet. Gud blir oftast sett på som heilag (fri frå synd og ikkje forderveleg), rettvis (rettferdig, rett, og sann i alle avgjerder), sjølvstyrande (med urokkeleg vilje), allmektig (omnipotent), allvitande (omniscient), altelskande (omnibenevolent), og altnærverande (omnipresent).

Jødar, kristne og muslimar oppfattar ofte Gud som ein personleg Gud, med ein vilje og personlegdom. Men mange rasjonalistiske filosofar i desse religionane i mellomalderen, blant dei Maimonides, meinte at ein ikkje skulle sjå på Gud som personleg, og at slike personlege eigenskapar hos Gud berre er meint som metaforar. Somme meiner framleis at desse oppfatningane er rette, men blant lekfolk i dag er det lita merksemd om dette.

I austleg kristendom er det ei grunnleggjande sanning at Gud er personleg, og ein snakkar såleis om dei tre personane i Den Heilage Treeininga. Det vert òg understreka at Gud har ein vilje, og at Gud og Son Hans tar to viljar – guddommeleg og menneskeleg – sjølv om desse aldri er i konflikt.

Bibelske definisjonar av Gud[endre | endre wikiteksten]

Den hebraiske Bibelen (Tanákh i jødedommen, Det gamle testamentet i kristendommen) karakteriserer Gud ved følgjande eigenskapar: «Herren Gud er ein miskunnsam og nådig Gud; langt frå sinne og stor av godskap og sanning; lèt gjera miskunn til dei tusen [ledd], forlèt misgjerning og overtrinn og synd; men lèt ei den skuldige ustraffa. [Gud] heimsøkjer misgjerningane åt fedrar på born og på borns born, på tredje leddet og på fjerde [leddet].» (2. mos. 34:6–7)

Den hebraiske Bibelen inneheld ingen systematisk teologi: Det blir ikkje gjort noko forsøk på å gje ei filosofisk eller streng definisjon av Gud, eller på korleis Gud opptrer i verda. Bøkene forklarar aldri Guds vesen uttrykkjeleg, og dette ser ein til dømes i Andre mosebok med Guds påstand «du kan ikkje sjå åsynet mitt, for inga menneske kan sjå meg og leva» (2 Mos 33:20). Ingen stad i den hebraiske Bibelen blir orda allmektig, allkunnig eller allkjærleg brukt for å definera Gud på systematisk vis.

Sjølv om skrifta ikkje gjer systematisk reie for Gud, blir det gjeve eit poetisk bilete av Gud og samhøvet hans til menneska. Ifølgje bibelhistorikaren Yehezkal Kaufmann var den viktige nyvinninga ved bibelsk teologi å framstilla ein Gud som bryr seg om folk, og som bryr seg om korvidt folk bryr seg om Han. Folk flest meiner Bibelen inneheld menneska sitt syn på Gud, men den jødiske teologen Abraham Joshua Heschel omtalar den bibelske guden som «antropopatisk», som tyder at Bibelen er Gud sitt syn på menneska og ikkje omvendt.

På liknande vis inneheld Det nye testamentet heller ingen systematisk teologi: Det blir ikkje gjort noko forsøk på å gje ei filosofisk eller streng definisjon av Gud, eller på korleis Gud opptrer i verda. Det nye testamentet gjev likevel ein indirekte teologi ved å hevda at Gud vart menneske og jamvel var Gud fullt ut, i personen Jesus Kristus, og at Han seinare sende Den Heilage Ande. I dette synet blir Gud nokon som ein kan sjå og ta på, og som kan snakka og te seg på vis som menneska lett kan oppfatta, samstundes som Han forblir utomjordisk og usynleg. Dette synest som eit radikalt brot med gudssynet i den hebraiske Bibelen. Utsegnene om Guds vesen i Det nye testamentet vart etter kvart utvikla til læra om Den Heilage Treeininga.

Kabbalistisk definisjon av Gud[endre | endre wikiteksten]

Kabbalá (jødisk mystikk) inneber at Gud er korkje ånd eller kropp. I staden er Gud skaparen av båe to, men er sjølv ingen av dei. Men viss Gud er så ulikt skaparverket, korleis kan det så finnast samhandling mellom Skaparen og det skapte? Dette spørsmålet leia kabbalistane til å sjå føre seg to sider ved Gud; (a) Gud sjølv, som i sanning er uråd å kjenna, og (b) den openberre sida av Gud som skapte og opprettheld universet og samhandlar med menneska på ein personleg måte. Kabbalistar meiner desse to sidene ikkje er motstridande men utfyllande.

Negativ teologi[endre | endre wikiteksten]

Mange tidlege kristne helgenar og mellomalderfilosofar argumenterte for såkalla apopatisk teologi, ei tilnærming til kunnskap om Gud gjennom negative attributtar. Ein skulle til dømes ikkje seia at Gud er til stades, for alt ein trygt kunne seia var at Gud ikkje er fråverande. Ein skulle ikkje seia at Gud er vis, men ein kunne seia at Gud ikkje er uvitande. Ein skulle ikkje seia at Gud er Éin, men ein kunne seia at det ikkje er fleire sider ved Guds vesen. Slike utsegner kan kallast for negativ teologi.

Den Eine og Den Heilage Treeininga[endre | endre wikiteksten]

Jødar, muslimar og ei lita mengd kristne er unitære monoteistar. Det store fleirtalet av kristne har vore og er framleis trinitære monoteistar.

  • Unitære monoteistar meiner at det er berre éin person og eitt vesen i Gud. Somme tilhengjarar av dette synet ser på trinitær monoteisme som ein slags polyteisme.
  • Trinitære monoteistar trur på ein Gud som eksisterer som tre fråskilde personar som deler det same vesenet. Den kristne utgåva av dette vert kalla den heilage treeiningaFaderen, Sonen (Jesus Kristus) og den heilage anden. Trinitarianarar meiner at dei tre personane har same føremål, heilagskap og allmakt, og difor kan kvar av dei tilbedast som Gud utan å bryta med tanken om at ein berre skal tilbe éin Gud. Innan hinduismen finst det eit tilsvarande omgrep, trimurti.
  • Mormonarar meiner at det finst tre ulike gudelege personlegdomar. Ein av desse er ein ande utan lekam omtalt som den heilage anden. Dei to andre er andar med fullendte eller strålande (ofte kalla himmelske) lekamar omtala som «Den himmelske faren» (eller mindre vanleg Elohim) og sonen hans, Jesus Kristus. Mormonarar trur at Gud er ein heilag mann som steig fram til guddom ved ein stadig utveklingsprosess. Dei meiner at menneska ved å følgja religionslæra i røynda kan verta gudar («å verta som Den himmelske faren») på eit tidspunkt etter død og oppståing. Dette vert òg kalla eksaltasjon.
  • Hasidiske jødar trur på ti sefirot (utstrålingar) av Gud. Kvar av desse er meir fråskilde enn eigenskapar, men mindre fråskilde enn ulike personlegdomar.
  • Dualisme er tanken om to nærast like guddommelege vesen; den eine er den gode Guden, og den andre er ein ond gud, eller Satan. Alle skapningar er under påverknad av den eine eller andre sida, anten dei veit det eller ikkje. Zoroastrianisme er eit døme på dualisme.

Hinduiske definisjonar av Gud[endre | endre wikiteksten]

I moderne hinduisme er brahman det som ligg bak røynda. Brahman er oversanseleg og går over grensene for det vi kan røyne. Dei fleste hinduar tilber ikkje det formlause brahman, men ei meir konkret gudsform, som Visjnu, Sjiva eller Murugan. I nokre tradisjonar er slike gudsformer sett på som ei tolking av brahman «med form», som ein tilber fordi det er svært vanskeleg å dyrka noko så oversanseleg som brahman. Motsett meiner andre tradisjonar at gudsforma dei dyrkar er brahman og ikkje berre ei tolking av det.

Debatten om brahman sin grunnhått er mindre viktig i folkeleg hinduisme. Hinduar flest tilber gudane det er vanleg å dyrka i dei ulike gruppene dei høyrer til utan å tenkja på sambandet mellom desse gudane og brahman. Slike gudar kan vera knytte til ein stad, eit yrke, ein kaste, ei ætt, eit høve, osb. Mellom anna dyrkar ein Ganesja i samband med byrjingar, Sarasvati i samband med utdanning, Visjvakarman om ein er smed og Aravan om ein er transseksuell. Desse gudane tarv ikkje vera mannlege. Devi, modergudinna, som er kjend under ulike former og namn, er dyrka av mange som den største krafta i verda.

Spesialgudar[endre | endre wikiteksten]

I religionar med mange gudar har dei ulike gudane ofte ansvar for spesielle oppgåver som vêret (til dømes den [[norønne guden Tor), somme for kjærleik (til dømes den greske guden Eros). Andre gudar hadde ansvar for fleire disiplinar, som den egyptiske guden Thoth), som hadde ansvaret for skrivekunsten, matematikk, biologi, osb.

Andre åndelege vesen[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste trusretningar gjev òg rom for at det eksisterer andre og mindre mektige åndelege vesen, og kallar dei slikt som englar, helgenar, djinnar, demonar og devaer.

Filosofiske drøftingar av Gud[endre | endre wikiteksten]

Teologi[endre | endre wikiteksten]

Teologi er studiet av religiøs tru. Teologar søkjer å forklara og systematisera tru, og somme uttrykkjer sin eigen erfaring med det guddommelege. Teologar stiller spørsmål som Kva er Guds natur? Kva tyder det at Gud er Den Eine? Kva inneber det at folk trur på Gud som ei toeining eller treeining, og kva tyder desse omgrepa? Er Gud utanfor verda eller ein del av verda, eller ei blanding? Kva er forholdet mellom Gud og universet, og mellom Gud og menneska?

Aristoteles[endre | endre wikiteksten]

I sin Metafysikk drøftar Aristoteles meininga med «vesenet i skapningen». Aristoteles meiner at «vesen» først og fremst viser til dei Urørde Kreftene, og tilskreiv ei slik til kvar av rørslene i himlane. Kvar Urørd Kraft grublar stadig over si eiga grubling. Det som derimot passar i meininga «skapning» ved å ha krafta til rørsle i seg sjølv, rører seg av di kjennskapen til si eiga Kraft gjer at det sjølv etterliknar denne Krafta.

Friedrich Nietzsche[endre | endre wikiteksten]

I det viktige verket hans Antikrist angrip Nietzsche tysk skriftlærd kristendom for det han kalla omdefineringa (transvalueringa) deira av sunne, instinktive verdiar. Han overgjekk dei agnostiske og ateistiske tenkjarane frå opplysningstida som meinte at kristendommen kunne vera alt frå ein falsk religion til at han av apostelen Paulus i romarriket medvite var fremja som ein ibuande dårleg og undergravande religion som ein fordekt hemn etter dei romerske øydeleggingane av Jerusalem og tempelet under jødekrigane. Men i Antikrist tilkjennegjev Nietzsche ei påfallande høg oppfatning av Jesus Kristus og hevda at dagens skriftlærde lèt vere å leggja merke til mannen Jesus, berre til si eiga utlegging av Kristus. Ifølgje den amerikanske skribenten H. L. Mencken meinte Nietzsche at religionen til dei gamle grekarane i klassisk tid gjekk kristendommen ein høg gang fordi den framstilte sterke, heltemodige og kloke menneske som førebilde og ikkje freista å svartmåle sunne, naturlege ønskemål som til dømes skaparevne og diktning.

Nietzsche sitt arbeid har òg blitt verdsett som religiøst «avprogrammeringsverkty» slik som i boka Which Way Western Man? av den tidlegare amerikanske presten og medgrunnleggjaren av borgarrettsorganisasjonen ACLU, William Gayley Simpson. I dette storverket gjer han på grundig teologisk vis greie for korleis Nietzsche let han sjå lyset frå Darwin og overvinna den forstyrra «slavemoraliteten» som var innprenta i han av samfunnet og religiøst likesinna.

Moderne syn på Gud[endre | endre wikiteksten]

Prosessteologi og open teisme[endre | endre wikiteksten]

Prosessteologi er ei tankeretning påverka av den metafysiske prosessfilosofien til Alfred North Whitehead frå byrjinga av 1900-talet. Open teisme, ei teologisk røyrsle som tok til på 1990-talet, liknar men er ikkje identisk med prosessteologi.

I begge syn er Gud ikkje allmektig i den klassiske tydinga av eit tvingande vesen. Røynsla er ikkje samansett av stoff som varer evig, men av hendingar på rad og rekkje som gjev erfaring. Universet er kjenneteikna av prosessar og endringar som den frie vilja utfører. Sjølvråderett kjenneteiknar alt i universet, ikkje berre menneske. Gud og skapningar vert skapte og skapar saman. Gud kan ikkje tvinga noko til å skje, men påverkar berre utføringa av denne universelle frie vilja ved å by fram moglegheiter. Sjå elles det som står om prosessteologi, open teisme og panenteisme.

Og mennesket skapte Gud i sitt bilde[endre | endre wikiteksten]

I same gata som prosessteologi og open teisme ligg trua på eller ønsket om at menneska vil skapa ein Gud, til dømes ut frå arbeidet med kunstig intelligens. Science fiction-forfattaren Arthur C. Clarke sa i eit intervju at det kan henda vår rolle på denne planeten ikkje er å tilbe Gud, men å skapa han.

Ein annan variant av denne hypotesen er at menneska eller eit utval av menneske av seg sjølve vil skapa eller utvikla seg til ein ettermenneskeleg Gud. For nokre døme på dette, sjå kosmoteisme, transhumanisme, prometeisme og teknologisk singularitet.

Utomjordiske vesen[endre | endre wikiteksten]

Nokre ganske nye trusretningar og bøker framstiller Gud som utomjordisk liv. Mange av desse meiner at intelligente vesen frå ei anna verd har vitja Jorda i tusenvis av år og har påverka utveklinga av våre religionar. Somme av desse hevdar at profetar eller messiasar vart sende til Jorda utanfrå for å læra menneska moral og oppmuntra sivilisasjonen vår til vekst og utvekling.

Figuren illustrerer kor mange som trur på Guds eksistens i dei europeiska landa i 2005. Flest truande finst i område der kristen katolsk kyrkje eller islam står sterkt. I Noreg er det i 2006 29 % som trur på Gud [1]

Er Gud til?[endre | endre wikiteksten]

Folk har ordskiftast om det finst gudar sidan minst klassiske tider.

Grunnar for at det må finnast ein Gud[endre | endre wikiteksten]

  • Ontologisk grunnjeving: Om det finst ei førestilling av eit vesen som er heilt utan feil, er det uavvendeleg at det vesenet finst. Gå ut frå at Gud er det mest fullkomne vesenet ein kan førestilla seg. Eit vesen som finst er meir fullkome enn eit vesen som ikkje finst. Gå no ut frå at Gud ikkje finst i røyndommen. Om det er slik so må det vera mogleg å førestilla seg eit vesen som er høgare enn Gud. Men Gud er det høgaste vesenet me kan førestilla oss. Dette viser at å hevda at Gud ikkje finst fører til ei logisk motseiing, og må vera feil. Gud må difor finnast.
  • Kosmologisk grunngjeving: Gud må finnast fordi universet finst. Kvar verknad har ei årsak, og ingenting kan vera si eiga årsak. Sidan ei årsaksrekkje ikkje kan ha uavgrensa lengde må alt som finst ha ei fyrste årsak. Universitet må difor ha ei fyrste årsak, som er det me kallar Gud.
  • Teleologisk grunngjeving: Strukturtrekk ved universet, slik som den høge kompleksiteten av universet eller den tilsynelatande fininnstillinga av fysiske konstantar, krev ein guddommeleg skapar.
  • Moralsk grunngjeving: Det at det finst «godt» og «vondt» inneber at Gud eksisterer.

Grunnar mot at det finst ein Gud[endre | endre wikiteksten]

Alternativt er det ei rekkje argument mot Guds eksistens:

  • Motstridande eigenskapar hjå Gud: Mange av eigenskapane som er tillagt Gud strir ofte logisk mot kvarandre.
  • Ateistiske argument: Bevisbyrda ligg hjå dei som hevdar at Gud eksisterer, fordi ein slik påstand er så utanom det vanlege at ein må sjå bort frå påstanden inntil det motsette er vist gjennom overtygande erfaringsmessige prov. Det vert hevda at dette er sjølvmotseiande, fordi eit einaste uomstøyteleg bevis på Guds eksistens nødvendigvis utelukkar fri vilje.
  • Kosmologiske argument: Eit anna vanleg argument for Guds eksistens handlar om primær årsak: Alt vi kjenner i universet har blitt forårsaka av noko anna. Difor må universet sjølv ha ei årsak, ei guddommeleg kraft. Dette kan først synast logisk men det løyser ikkje det første trinnet, for om ein trekkjer argumentet enno vidare, kven skapte Gud? Med andre ord, viss alt må ha ei årsak eller ein forgjengar, kven eller kva kom då før Gud? Dessutan, viss Gud kunne eksistera utan nokon årsak eller forgjengar, kvifor treng me i det heile å forklara universet?
  • Påstanden «strukturtrekk ved universet, slik som den høge kompleksiteten av universet eller den tilsynelatande fininnstillinga av fysiske konstantar, krev ein guddommeleg skapar» vert motsagte av at mange fysiske system har ein stabil tilstand (likevektilstand); om dei vert forstyrra endrar dei seg tilbake til den stabile tilstanden. Nokre system endrar brått tilstand om forstyrringa overgår ei viss grense, som til dømes ein kvist som vert broten av, ein ballong som eksploderer om trykket vert for høgt, osb. Andre system er ustabile, men endrar seg så sakte at det er vanskeleg å påvisa endringa. Det finst òg kvasistabile og kaotiske system, som har mange tilstandar, som til dømes Lorenzattraktorar. I fylje termodynamikken 2. hovudsetning kan ikkje entropien (uorden) i universet avta. Når den endrar seg må den difor homogoeniteten i universet auka. At universet har stor komplekistet er difor ikkje vanskelg å forklara vitskapeleg.
  • Påstanden «om det finst ei førestilling av eit vesen som er heilt utan feil, er det uavvendeleg at det vesenet finst» er ikkje logisk. At det «finst ei førestilling om» at eit vesen finst fører ikkje til «at vesenet finst». Då måtte det i så fall finnast troll så lenge nokon førestilte seg at dei fanst, men hittil har ikkje eit einaste troll vorte funne i arkeologiske utgravingar.

Fideisme[endre | endre wikiteksten]

Fideismen hevdar at alle forsøk på å prova om Gud finst eller ikkje, er feilslåtte fordi ein tru på Gud nettopp er avhengig av tru og ingen rasjonelle argument eller prov. I dette synet er Guds eksistens eit åndeleg spørsmål i motsetnad til eit intellektuelt spørsmål. Fideistar viser gjerne til skriftstader som støtte for synet deira, til dømes hebrearbrevet 11:6.

Nemningar for Gud[endre | endre wikiteksten]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «gud» kjem frå norrønt goð, guð, urgermansk guđom. Den opphavlege meininga og opphavet til det germanske ordet har vore sterkt omdiskutert, men det er ei viss semje om den rekonstruerte proto-indoeuropeiske forma *ǵhutóm, som er passiv perfektum partisipp av rota *ǵhu-, som truleg tyder «skjenk» (alkoholhaldig drikke) eller «offer». Samanlikn med vedisk sanskrit hu-, «å ofra», og gresk khu-, kheu-, germansk geutan, angelsaksisk gēotan «å tømma».

Sambandet mellom desse tydingane er truleg «å tømma ein skjenk». Ei anna mogleg tyding av *ǵhutóm er «påkalling», beslekta med sanskrit hūta.

Ordet god vart brukt for gresk theos og latin deus i germanske omsetjingar av Bibelen, først i den gotiske omsetjinga av Det Nye Testamentet ved Ulfilas.

Store bokstavar[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av dansk og norsk rettskriving var dominert av kristelege tekstar. «Gud» med stor forbokstav blei først brukt om det jødisk-kristne gudsomgrepet, men inneber no alle monoteistiske gudsomgrep, jamvel omsetjinga av arabisk Allah.

I tidleg moderne omsetjingar av Bibelen vart tetragrammaton, JHVH, («dei fire bokstavane») skrivne med store bokstavar som IEHOUAH eller JEHOVAH. Ein eldre skrifttradisjon var å omsetje JHVH til «Herren», Elohim til «Gud», Adonay JHVH og Adonai Elohim til «Herren Gud», og kurios ho theos til «Herren Gud» (i Det nye testamentet).

Bruken av stor forbokstav som i eigennamn er halden ved like for å skilja omgrepet av ein einskild Gud frå heidne guddomar eller, i kristendommen, falske gudebilete, der liten forbokstav blir nytta framleis og tilsvarar bruken av latin deus.

Også pronomen som henviser til Gud blir ofte skrivne med store forbokstavar, tradisjonelt i tredjeperson hankjønn, så som «Han» og «Hans». I nyare tid brukar somme òg hokjønn om Gud – «Ho» og «Hennar» – og andreperson om den personlege, nære Gud: «Du» og «Din».

Namn på Gud[endre | endre wikiteksten]

Namna Gud, God og Gott er dei skandinaviske, engelske og tyske eigennamna for guddomen i monoteistiske religionar. Det finst forskjellige namn på Gud i ulike religiøse tradisjonar:

  • «Den evige» blir ein del bruka som omsetjing av Gudsnamnet JHVH i jødiske og kristne tekstar.
  • Somme kyrkjesamfunn omtalar òg Gud som «Den eine», som kan vera ein meir kjønnsnøytral måte å omtala Gud på.
  • Dei fleste hinduar tilber personifiserte former av Gud, til dømes Devi (gudinna), former av Visjnu, Sjiva og Murugan. Omgrepet brahman er det næraste ein kjem det monoteistiske gudsomgrepet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gud

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Leksikonoppslag[endre | endre wikiteksten]