Dølafe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dølafe er ein norsk storferase som høyrde heime i Gudbrandsdalen og Østerdalen, stambokført sidan 1909.

Dyra var små til mellomstore, og dei vanlegaste fargane var einsfarga mørkebrun, brannete eller svart. Dølafe var sett på som kjøtfe. Frå 1964 vart rasen slegen i hop med norsk raudt fe. I dag er det gjort arbeid for å verne gena for restane av den gamle rasen gjennom Norsk Landbruksmuseum. Om lag 160 reinrasa hodyr er registrerte, og det er lagra sperm av kring 40 oksar. Det finst også ein del buskapar av ammekyr. Dølafeet er i dag spreidd over ein stor del av landet, mesteparten i Gudbrandsdalen, Østerdalen og Valdres.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

«dølafe» i Store norske leksikon, snl.no.