DFB-pokalfinalen i fotball 2021
DFB-pokalfinalen 2021, den nasjonale utslagsturneringa i tysk fotball, vart avslutta med finale på Olympiastadion i Berlin torsdag 13. mai. Borussia Dortmund vann sin femte DFB-pokal ved å sigre med 4 mot 1 over RB Leipzig. Grunna Covid-19-tiltak vart kampen spelt utan tilskodarar.
Kampen
[endre | endre wikiteksten]Briten Jadon Sancho gav Dortmund leiinga 1 – 0 då han frå 15 meters hald skaut ballen i lengste hjørnet av målet. Nordmannen Erling Håland la på til 2 – 0 etter eit framspel, han utmanøvrerte ein Leipzig-stoppar og frå 8-10 meter sende ballen tilbake i motsett hjørne. Straks før pause vart Sancho frispelt av kaptein Marco Reus, og frå 3-4 meter roleg putta han ballen i det opne målet. Spanske Dani Olmo reduserte til 1 – 3 på eit susande langskot i det 71. minutt. Fem minuttar før sluttsignalet lydde sette Håland ein stoppar for spenninga då han skliande fekk avgarde eit lumpe-skot som førte til siger 4 – 1.
Borussia Dortmund sitt vinnarlag bestod frå start av: Roman Bürki, Raphaël Guerreiro, Mats Hummels, Manuel Akanji, Łukasz Piszczek, Emre Can, Mahmoud Dahoud, Jude Bellingham, Jadon Sancho, Erling Håland, Marco Reus (kaptein). Thorgan Hazard tok Bellinghams plass i andre omgang, sidan vart Dahoud erstatta med Thomas Delaney i det 74. minutt. I sluttminutta og sluttsekunda kom fyrst Thomas Meunier, deretter Julian Brandt og Giovanni Reyna på bana i staden for Sancho, Håland og Reus.
RB Leipzig mønstra: Péter Gulácsi, Lukas Klostermann, Dayot Upamecano, Marcel Halstenberg, Kevin Kampl, Nordi Mukiele, Dani Olmo, Marcel Sabitzer (kaptein), Amadou Haidara, Alexander Sørloth, Hwang Hee-chan. Etter pausen kom etter tur Yussuf Poulsen, Christopher Nkunku, Emil Forsberg, Konrad Laimer og Benjamin Henricks i spel, ut gjekk Sørloth, Hwang, Kampl, Mukiele og Haidara.
Felix Brych dømde kampen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «DFB-Pokal 2020/21» frå Wikipedia på tysk, den 16. mai 2021.