Borussia Dortmund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Borussia Dortmund
Borussia Dortmund logo.svg
Fullt namnBallspielverein Borussia 09 e.v. Dortmund
Kort namnBVB
Grunnlagd19. desember 1909
HeimebaneWestfalenstadion
(kapasitet: 81,365)
EigarReinhard Rauball
StyreleiarHans-Joachim Watzke
HovudtrenarMarco Rose
LigaBundesliga
2020/21 3. plass i Bundesliga
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Tredjedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Ballspielverein Borussia 09 e.V. Dortmund, til dagleg kjend som Borussia Dortmund eller BVB, er eit tysk idrettslag i Dortmund i Nordrhein-Westfalen. Fotballklubben Borussia Dortmund spelar i den tyske toppserien; Bundesliga. Klubben er ein av dei fotballklubbane i Tyskland som har vunne flest trofe.

Borussia Dortmund vart stifta i 1909 av 17 fotballspelarar frå Dortmund. Høgdepunktet for fotballaget er sigeren i Meisterligaen i 1997. Også i 2013 nådde klubben finalen i Meisterligaen, som end med tap 1-2 for Bayern München. Borussia Dortmund gjekk til topps i Cupvinnarcupen i 1966, og vart då den fyrste tyske klubben som sigra i ei europeisk fotballturnering for klubblag. Derimot tapte Borussia Dortmund finalen i UEFA-cupen 1993 og på ny finalen i same turneringa i 2002. Borussia Dortmund har vunne åtte tyske seriemeisterskap og tre nasjonale cupmeisterskap.

Sidan 1974 har Borussia Dortmund spela heimekampane på Westfalenstadion, det største fotballstadion i Tyskland. Borussia Dortmunds draktfargar er gule trøyer og svarte bukser. Klubben har i lang tid rivalisert med Schalke 04, ein klubb frå nabobyen Gelsenkirchen.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

Endra 29. august 2021[1] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Sveits MV Gregor Kobel
2 Flagget til Spania F Mateu Morey
4 Flagget til Frankrike F Soumaila Coulibaly
5 Flagget til Frankrike F Dan-Axel Zagadou
7 Det amerikanske flagget M Giovanni Reyna
8 Flagget til Tyskland M Mahmoud Dahoud
9 Flagget til Noreg A Erling Haaland
10 Flagget til Belgia A Thorgan Hazard
11 Flagget til Tyskland A Marco Reus (captain)
13 Flagget til Portugal F Raphaël Guerreiro
14 Flagget til Tyskland F Nico Schulz
15 Flagget til Tyskland F Mats Hummels
16 Flagget til Sveits F Manuel Akanji
18 Flagget til Tyskland A Youssoufa Moukoko
19 Flagget til Tyskland M Julian Brandt
20 Flagget til Brasil M Reinier (utlån fra Real Madrid)
Nr. Posisjon Spelar
21 Det nederlandske flagget A Donyell Malen
22 Flagget til England M Jude Bellingham
23 Flagget til Tyskland M Emre Can
24 Flagget til Belgia F Thomas Meunier
25 Flagget til Tyskland MV Luca Unbehaun
27 Flagget til Tyskland A Steffen Tigges
28 Flagget til Belgia M Axel Witsel
29 Flagget til Tyskland F Marcel Schmelzer
30 Flagget til Tyskland F Felix Passlack
32 Flagget til Guinea M Abdoulaye Kamara
35 Flagget til Sveits MV Marwin Hitz
36 Flagget til Tyskland A Ansgar Knauff
37 Flagget til Tyskland M Tobias Raschl
38 Flagget til Sveits MV Roman Bürki
39 Flagget til Tyskland M Marius Wolf
40 Flagget til Tyskland MV Stefan Drljača

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Borussia Dortmund - Club profile». Transfermarkt. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]