DFTBA Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

DFTBA Records er eit amerikansk plateselskap som vart starta av Hank Green og Alan Lastufka i 2008. Etter kvart har dei byrja å fokusere meir på å selja varer for YouTube-personlegheiter, som til dømes T-skjorter, koppar, musikk og plakatar.

Selskapet heldt til i Manhattan, Illinois fram til 2013 då dei flytta til Missoula i Montana[1].

Forkortinga DFTBA tyder «Don't Forget To Be Awesome». Det har sitt utspring i ein serie vloggar som Hank og broren hans, forfattaren John Green, laga som ei utfordring om ikkje å kommunisere med kvarandre via tekstbasert kommunikasjon i eit heilt år. Dei la ut videoane på ein YouTube-kanal som dei kalla vlogbrothers. «Don't Forget to Be Awesome» vart som eit motto for brørne og òg for dei som såg på videoane deira.

Tilknytte musikarar[endre | endre wikiteksten]

DFTBA Records har gjeve ut og/eller sel musikken til mellom anna[2]:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Green, Hank (21.02.2013) «Little Infinity Packing at DFTBA»
  2. DFTBA - Music

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]