DNT - Edru Livsstil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valentin Kielland sin statue av Asbjørn Kloster, grunnleggjaren av Det Norske Totalavholdsselskap, som vart avduka i Stavanger 1912.

DNT - Edru Livsstil, tidlegare Det Norske Totalavholdsselskap (forkorta DNT), er ein norsk organisasjon som arbeider for totalfråhald frå alkohol og rusmiddel, og for fred og menneskeverd. DNT er den eldste fråhaldsorganisasjonen i Norden.

Organisasjonen vedtok på sitt landsmøte i 2015 å endre namn frå Det Norske Totalavholdsselskap til DNT - Edru Livsstil.[1]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Den første norske avholdsforening vart skipa av kvekaren og læraren Asbjørn Kloster i Stavanger i 1859. I 1875 vart DNT ein landsfemnande organisasjon under namnet han har i dag med Asbjørn Kloster som leiar. Hovudkontoret vart i Oslo og dei starta å gje ut medlemsbladet Menneskevennen.

Det Norske Totalavholdsselskabs Ungdom (DNTU), som vart skipa i 1924, slo seg saman med Noregs Godtemplar Ungdomsforbund (NGU) i 1992 og danna ungdomsorganisasjonen Juvente.

Det Norske Totalavholdsselskaps Barneforbund (DNTB) slo seg i 2009 saman med IOGT Junior, og skipa Junior- og barneorganisasjonen Juba.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nå kommer to spennende år», Edru Livsstil (på bokmål), 20. august 2015, henta 8. desember 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]