DS «Dølen»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS «Dølen»
Karriere
Type: Dampbåt
Verft: Akers mekaniske verksted
Jomfrutur: Pinsen 1867
Generelle eigenskapar
Tonnasje: brt tonn

DS «Dølen» var eit norsk dampskip bygt ved Akers mek. verksted i Kristiania i 1866. Det var bestilt av Dampskibsaktieselskapet Bjoren og Dølen. Initiativtakar var Oscar Wergeland frå Christianssand. Skipet gjekk i rutefart på Byglandsfjorden i Setesdal og var systerskip av DS «Bjoren».[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

«Dølen» blei sjøsatt i 1867. Det hadde endestasjon ved Næsset ved Bygland. Frå 1869 gjekk det til Ose. I 1897 fekk «Dølen» selskap av systerskipet «Bjoren» på Byglandsfjorden. «Bjoren» hadde i åra 1867-1897 trafikkert Kilefjorden. Men etter at Setesdalsbanen blei opna i 1896, blei det behov for meir trafikk på Byglandsfjorden. «Dølen» fekk ny salong i 1897 og blei forlenga med 8 fot i 1899.

Med legging av bilvegar frå 1920-talet byrja også trafikkgrunnlaget for dampskip i Byglandsfjorden å forsvinna. I 1931 blei Dampskibsaktieselskapet Bjoren og Dølen oppløyst og dampbåttrafikken lagt ned. Olav Fransson Syrtveit kjøpte båtane og starta opp med fart mellom Bygland og Byglandsfjord.[2] På 1950-talet var det heilt slutt.

DS «Dølen» blei hogd opp, medan DS «Bjoren» gjekk i opplag og forfall. Bjoren låg lenge som nedsokke vrak, før det på 1970-talet blei sett i gang ein aksjon for å berga det som var att av båten og få han restaurert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dampskipene i Setesdalen, Avtrykk.no, 23.05.2017
  2. Byglands soge (Kristiansand, 1939), side 115