Dadna
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dadna | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Emirat | Fujairah | ||
Høgd | 94 moh. | ||
Koordinatar | |||
![]() Dadna | |||
Dadna (arabisk ضدنا) er ein landsby i Fujairah i Dei sameinte arabiske emirata, 45 km nord for bysentrum. Hovudnæringa i området har sidan antikken vore jordbruk og fiske, og er det i stor grad framleis i dag. Landsbyen er kjend for dei gode vassforsyningane og kongefamiliane i Emirata har hatt mange gardar i området.
Det ligg nokre moderne luksushotell, som Le Meridien og Rotana, ved stranda i Al Aqah i nærleiken.
Dadna er eit fjellområde som ligg nær havet og vert ofte vitja av turistar, hovudsakleg emiratarabarar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Dadna» frå Wikipedia på engelsk, den 9. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: