Fujairah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emiratet Fujairah
الفجيرة, Al Fujairah
emirat
Fujairah fort
Flagg
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar 25°16′N 56°20′E
Areal 1 166 km²
Folketal 152 000  (2009)
Folketettleik 130 / km²
Emir Sjeik Hamad bin Muhammed Al Sharqi
Tidssone UAE standard time (UTC+4)
Kart
Emiratet Fujairah
25°7′0″ N 56°19′0″ E
Wikimedia Commons: Emirate of Fujairah
Nettstad: Fujairah

Fujairah (arabisk الفجيرة Al Fuǧaira) er eit av sju emirat i Dei sameinte arabiske emirata, og det einaste av dei sju som berre har kystlinje ved Omanbukta og ikkje ved Persiabukta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al Badiyah-moskeen - den eldste i Emirata.

Fujairah er dominert av Sharqiyin-stamma og ligg ved enden av ein viktig handelsveg, Wadi Ham (som vart verna av Sharqiyin-fortet ved Bithnah), gjennom fjella til det indre og kysten av Persiabukta. Området var kjend som Shamaliyah, og austkysten av det som i dag er Emirata var under Muscat fram til 1850, då det vart annektert av Al Qasimi av Sharjah.

Shamaliyah vart styrt av Al Qasimi Wali i Kalba men skilde seg ofte ut og i 1901 erklærte Hamad bin Abdulla Al Sharqi, leiaren for Sharqiyin, seg sjølvstendig frå Sharjah. Dette vart anerkjend i fleire avtalar, og òg av Muscat, men ikkje britane, som ofte var provosert av herskaren..[1]

I 1952 skreiv Fujairah omsider avtale med Storbritannia, og vart det siste emiratet som gjekk inn i Traktatstatane.[2] Den 2. desember 1971, vart Fujairah med i Dei sameinte arabiske emirata.

Fujairah er heimstaden til den eldste moskéen i Dei sameinte arabiske emirata. Denne vart bygd i 1446 av gjørme og murstein.[3] Han er liknande andre moskear ein finn i Jemen, aust i Oman og Qatar. Al Bidyah-moskeen har fire kuplar (i motsetnad til andre liknande moskear som har mellom sju og tolv) og manglar ein minaret.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Emiratet Fujairah dekkjer omtrent 1 166 km², eller kring 1,5 % av arealet til Emirata, og er det femte største emiratet i landet. Folketalet er kring 152 000 innbyggjarar (2009); berre emiratet Umm al-Quwain har færre innbyggjarar.

Fujairah er det einaste emiratet i landet som er fullstendig dekt av fjell. Alle dei andre emirata, som Dubai og Abu Dhabi ligg på nordkysten og er stort sett dekt av ørkenar. Fujairah har derfor høgare årsmiddelnedbør enn resten av landet, og bønder i området kan produsere ei avling kvart år.

Vêret varierer med årstidene, men er varmt året gjennom Frå oktober til mars er det som regel kjøligast, og dagtemperaturane er i snitt 25 °C og går sjeldan over 30 °C, medan temperaturane om sommaren kan klatre over 40 °C. Vinteren er regntid. Det kjem ikkje dei store mengdene, men likevel meir enn resten av landet.

Klimaet varierer mykje lokalt, hovudsakleg på grunn av Hajjarfjella. Som med andre fjellområde er nedbøren høgare og tillèt eit meir variert mikromiljø i området.

Vêrdata for Fujairah
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 30 32 37 42 45 46 47 47 44 41 36 30 47
Gjennomsnittleg maks °C 23 25 28 33 37,2 38,4 38,7 37,8 36 34 30 26 32,3
Gjennomsnittleg min °C 12 13 16 19 23 26 28,6 28,2 25 21 16 14 20,2
Lågast målte °C 5 6 7 9 12 15 18 21 23 18 12 7 5
Gjennomsnittleg nedbør mm 19 45 25 8 2 0 0 0 1 4 7 13 124
Kjelde: weather2travel

Styre[endre | endre wikiteksten]

Flagget til emiratet Fujairah (1952–1972)

Emiratet vert styrt av sjeik Hamad bin Muhammed Al Sharqi, som har hatt makta sidan faren døydde i 1974. Sjeiken tener visstnok pengar gjennom sine eigne forretningar, og dei statlege midlane vert nytta til sosial bustadbygging og utsmykking av byen, men det er liten skilnad mellom pengekassa til staten og sjeiken personleg. Regenten kan ta alle avgjersler innan lov, men må følgje den føderale lova.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Sementfabrikk i Dibba.

Økonomien i Fujairah er basert på subsidiar og tilskot frå staten, fordelt av styret i Abu Dhabi (hovudstaden i landet). Lokale industriar består av sement, steinknusing og gruvedrift. Det finst ein blømande frihandelssone,[4] som følgde suksessen til Dubai Free Zone Authority[5] kring Jebel Ali hamn.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bey, Frauke (1996). From Treaty State to the United Arab Emirates. UK: Longman. s. 92–94. ISBN 0582277280. 
  2. Bey, Frauke (1996). From Traktatstatane To Dei sameinte arabiske emirata. UK: Longman. s. 296. ISBN 0582277280. 
  3. http://www.thenational.ae/news/uae-news/oldest-uae-moské-holds-onto-its-secrets
  4. Fujairah Free Zone
  5. Jafza Jebel Free Zone

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fujairah
Reiseguide for Fujairah frå Wikivoyage