Dag Jørund Lønning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dag Jørund Lønning
Fødd26. januar 1967
NasjonalitetNoreg
Yrkeantropolog

Dag Jørund Lønning (fødd 26. januar 1967) er ein norsk sosialantropolog med spesiell interesse for menneskeleg nyskaping. Lønning har utvikla kulturøkonomi som fagfelt og utviklingsstrategi i Noreg,[1] og er opphav til omgrepa «kulturelle landskap»[2] og «innlevingsøkonomi».[3]

Lønning er frå Stord i Hordaland. Han har skrive ei rekkje artiklar og bøker om utviklinga i Midt-Austen, kulturøkonomi, kulturarv, nyskaping og bygdeutvikling.

Lønning er rektor og professor i nyskaping og bygdeutvikling ved Høgskulen for grøn utviklingJæren. Han har tidlegare vore seniorforskar ved Nordlandsforskning, forskar ved Christian Michelsens Institutt, fagleg leiar ved Telemarksforsking-Bø og direktør ved Norsk senter for bygdeforskning. Han tok doktorgraden (dr. philos.) i 2007 med avhandlinga Fridomen til å skapa. Alternative historier om nyskaping og bygdeutvikling.

Lønning er kåra til Årets landbruksbloggar 2014 og Årets bygdeprofil 2015 av Nationen sine leserar, og blei, som ein av veldig få forskarar, i desember 2015 plassert på Nationen og Bondebladet si liste over «dei 100 mektigaste i norsk landbruk».[4] I 2019 blei Lønning gjeven heidersprisen «Årets meitemark» av organisasjonen Økologisk Norge for arbeidet sitt for livet i matjorda og eit naturnært landbruk.[5]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

  • Bridge over troubled water. Inter-ethnic dialogue in Israel/Palestine. Bergen: Norse Publications. 1995
  • (red. med George Giacaman). After Oslo. New Realities, Old Problems. London and Chicago: Pluto Press. 1998
  • Gøy på landet? Landbruk i ei postmoderne tid. Oslo: Det Norske Samlaget. 2000
  • (red.) Bønder i soloppgang? Ål: Boksmia Forlag. 2000
  • (red.). Den norske Bygda og Den Store Verda. Om lokal utvikling i ei global tid. Bø: Telemarksforsking. 2003
  • Landskap som ressurs i kulturøkonomien. Opplevingar frå det skotske Høglandet og Island. Telemarksforsking-Bø, rapport 218. 2004
  • Frå Vogge til Mekka. Ein kulturøkonomisk utviklingsstrategi for Morgedal. Telemarksforsking-Bø, rapport 226. 2005
  • Fridomen til å skapa. Alternative historier om nyskaping og bygdeutvikling. Universitetet for miljø- og biovitskap, Dr. Philos. Thesis 2007:1. 2007
  • (med Tone Magnussen, Johan Helland og Siri Lange): Evaluation of Norwegian Support for the Protection of Cultural Heritage. Oslo: Norad. 2009.
  • Ringar i vatnet. Innlevingsøkonomi i det kulturelle hamsunlandskapet Hamarøy. Bokbyen Hamarøy: Segelfoss forlag. 2009
  • (med Rhys Evans): Fellesskapssturisme. Reiseliv som kjelde til lokal utvikling. HLB-rapport nr 1, 2010.
  • Kva er nyskaping? Om fridom, skaparglede, framtid og fellesskap. Ål: Boksmia forlag. 2011
  • Den skapande forskaren. Teoretiske, metodiske og strategiske fundament for ei utviklingsretta forskarrolle. Trondheim: Tapir akademisk forlag. 2011
  • Lokalsamfunnet som kreativ allmenning. Ein rettleiar. Vestlandsk Vidsyn. 2012
  • Liv i fjøsan. Forfall, forandring og fornyelse. Oslo: Forlaget Press. 2013
  • Dialogbasert utvikling. Manual for lokalt mobiliseringsarbeid og demokratifornying. Bryne: Jæren Forlag. 2014
  • Jordboka. Det fantastiske universet under føtene våre. Forlaget Nyskaping, 2017

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lønning 2003
  2. Lønning 2007, 2011
  3. Lønning 2009, 2011
  4. «Dette er landbrukets 100 mektigste». Nationen. 2016. Henta 22. oktober 2017. 
  5. «Årets Meitemark 2019: Dag Jørund Lønning». Økologisk Norge (bokmål). Henta 18. juni 2019.