Hopp til innhald

Jæren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandstrand sør på Jæren, ved Ogna.

Jæren er eit kystlandskap i Rogaland fylke. Fram til byrjinga av 1900-talet var stavemåten «Jæderen» i bruk. Midt på Jæren ligg kommunane Time og Klepp. Sør-Jæren er Hå kommune. Høg-Jæren omfattar dei høgareliggjande områda i Time og Hå, og delar av Bjerkreim og Gjesdal kommunar.

Jæren er ei kyststripe. Det er prega av låge moreneryggar frå istida, og den næringsrike jorda frå desse. Det flate landskapet ender i jærstrendene.

Jæren er eit av dei beste landbruksområda i landet, men har òg mykje industri. Mykje av industrien er tradisjonelt knytt til landbruk, og mykje er knytt til oljeverksemda i Nordsjøen.

Kommunane på Jæren

[endre | endre wikiteksten]

Folketal i tabellen under er per 1. januar 2025.

VåpenNamnArealFolketalKommunenr.Målform
Gjesdal617,9812 5361122Nøytral
257,9920 0671119Nøytral
Klepp113,4921 1861120Nynorsk
Randaberg24,7111 7951127Nøytral
Sandnes1040,5684 9081102Nøytral
Sola69,0529 1531124Nøytral
Stavanger262,52150 1231103Nøytral
Time183,1920 1571121Nynorsk

Ein jærbu er anten ein som bur på Jæren, eller ein som kjem derifrå. Dialekten (talemålet) vert kalla «jærsk». Forfattaren Arne Garborg, med si sterke tilknyting til området, vert omtala som «jærbu og europear».

Jærbanen er namnet på jarnbanelina Stavanger-Egersund. Jærbanen vart opna i 1878, og gjorde Jæren meir tilgjengeleg for reisande utanfrå. I denne tida var fleire kunstmålarar aktive på Jæren. Jærmalarar som Kitty Kielland og Nicolai Ulfsten var mykje på Jæren, og måla landskapsbilete.

Lokalavis for jærkommunane er Jærbladet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Jøssang, Lars Gaute: Industrieventyret på Jæren : 1800-2000, Nærbø 2004.
  • Lye, Kåre Arnstein (red): Jærboka, Ås 1978.
  • Torvund, Helge og Snorre Aske: Jæren : Himmel og hav, 2007.