Dagbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dagbok er ei nemning brukt om nedteikningar der ein person skriv fortløpande om livet sitt, til dømes om personlege opplevingar, hendingar i samfunnet, eller sjelegranskande refleksjonar. Å skriva dagbok kan vera ei personleg og privat handling, men oppføringane kan òg gjerast med tanke på ettertida. Ein kan skriva dagbok gjennom store delar av livet eller berre i eit kortare tidsrom.

Mange kjente personar har skrive dagbok, nokre av dei kjende nettopp som dagbokskribentar. Tysk-jødiske Anne Frank skreiv medan ho låg i skjul for nazistane under andre verdskrigen, medan engelskmannen Samuel Pepys dokumenterte stort og smått om det som skjedde han på 1600-talet.

Oppdikta dagbøker[endre | endre wikiteksten]

Oppdikta verk kan òg ta form som dagbøker for å gje dei ei meir truverdig form. Som litterær sjanger blir desse kalla for dagbokroman. Både Daniel Defoes Robinson Crusoe og Jonathan Swifts Lemuel Gulliver var nedteikna i eit dagbokliknande format. I moderne tid peiker melloma anna Bridget Jones dagbok av Helen Fielding seg ut.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]