Damask

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Italiensk silkedamask frå 1500-talet

Damask er fint mønstra stoff av silke, ull, bomull eller lin. Damask er som regel einsfarga vev, der mønsteret kjem fram ved matte og blanke flater. Dersom stoffet blir snudd vil mønsteret koma fram motsett. Damask har derfor inga eigenleg fram- eller bakside. Opphavleg viste omgrepet til praktstoff frå Damaskus. Ein bruker ofte stoffet til dukar, og til livbunad.

Tofarga damask frå Italia på 1600-talet.

Damaskteknikken krev at ein set opp vevstolen på ein spesiell måte. Ofte blir det brukt ein eigen damaskvevstol. Det er måten ein vekslar mellom innslagstrådane og renningstrådane som gjev stoffet det særprega mønsteret.

Franskmannen Joseph Marie Jacquard fann på 1700-talet opp ein vevstol som var betre eigna til damaskvev. Vevstolen har fått namnet jacquard-vevstol etter han, og på fransk og engelsk blir damask kalla for jacquard. I dag kan ein framstilla damask rimeleg på data-drivne jacquardvevstolar.[1]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  1. Kadolph, Sara J., ed.: Textiles, 10th edition, Pearson/Prentice-Hall, 2007, ISBN 0-13-118769-4, s. 251
  • Kirsten Røvig Håberg: Tekstilhistorie, Tell forlag, 2000.