Livstykke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Livstykke (overliv) frå Ål i Hallingdal.

Liv eller livstykke er klede ein har rundt livet, brystet og over skuldrene, som regel utan erme. Plagget kan vera frittståande eller del av eit anna plagg, som ein kjole. Det finst både som over- og undertøy. Livstykket er hovudsakleg blitt brukt som barne- og kvinneklede, men finst også i mannsdrakter. Ulike typar liv er bluseliv, kjoleliv, solliv og snøreliv.

Minoiske «slangegudinner» eller prestinner.

Historiske døme[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire døme på klede som dekte livet og/eller brystet i eldre sivilisasjonar.

Bilete og skulpturar frå den minoiske sivilisasjonenKreta (2500 f.Kr.) viser kvinner med stramme, korsettaktige ytterplagg som dekkjer midja og støtter opp om dei berre brysta deira.

Frå vedisk tid i India kjenner ein til eit smalt brystband, stanapatta, som kunne dekkja berre brystvortene.[1] Rundt 900-talet byrja utviklinga av tsjolien, ein tettsitjande bluse som typisk stoppar like nedanfor brystet. Dette plagget er framleis i bruk i dag.[2]

Romersk kvinne med mamillare. Etter eit veggmåleri i Pompei.

Rundt Middelhavet var det vanleg å binda band rundt brysta som på gresk kunne heita apodesmos, seinare stethodesmos og mastodeton. Slike band blei ofte brukte til å pressa brysta flatare eller berre gje dei støtte. Liknande band er kjende frå det gamle Kina, som moxiong frå Det nordlege dynastiet (420-588).[3]

Romerske kvinner kunne vikla band kalla strophium eller mamillare rundt brystet, eller eit noko større capitium. Slike klede hadde nokre gonger skulderstroppar. Det finst også døme på at romarar brukte broderte undertrøyer som liknar seinare livstykke.[4]

Frå dei kinesiske Ming- og Qing-dynastia kjenner ein dudou ('magedekkje'), eit plagg brukt av rike kvinner som dekkjer mage og bryst og blir festa men ikkje ryggen. Det blir festa med stroppar rundt halsen og ryggen.[3]

I mellomalderen byrja europeiske kvinner bruka stramme snøreliv for å gje kroppen ei ønskt form. Den eldste framstillinga av dette er ein manuskriptillustrasjon av djevelen som ei kvinne i moteklede frå 1100-talet.[5] Slike liv kunne ein bera ytst eller som undertøy. Då kunne dei danna feste for andre underklede, som basquine gjorde for vertugade, krinolineaktige underskjørt eller anna skjørtstøtte. Etterkvart blei livstykket vidareutvikla til ulike underplagg, kjende som underliv, og til ytterplagg som kjoledel eller ein overdel.

Underliv[endre | endre wikiteksten]

Underliv frå Sogn og Fjordane. Frå samlingane til Norsk Folkemuseum.

Livstykke brukt som undertøy blir også kalla underliv. Dette har gjerne form som ei undertrøye med feste over skuldrene og utan erme, og kan vera av ulike stoff, som strikk eller vevnad.[6] Plagga er som oftast opne framme og kan lukkast med hekter, knappar eller snøring.[7] Nokre kan ha knappar til å festa strømpeband på.[8]

Plagga er typisk kvite, og mange er enkle i utforming. Andre kan ha blonder, band eller broderi.[9] Det finst også døme på underliv med andre fargar og mønster.[10] Medan mange er ermelause, finst det også døme på underliv med lange eller korte erme.[11]

Underliv med snøring kan vera eit tettsitjande, formande plagg, eller eit korsett, som kan vera forsterka med saumar og spiler. Korsettet blei frå 1880-åra av gradvis erstatta av lausare underliv som blei brukt i samband med reformdrakt. Barn, særleg jenter, brukte livstykke fram til midten av 1900-talet.[6]

Kroatiske folkedrakter med tydelege kjoleliv.

Kjoleliv[endre | endre wikiteksten]

Kjolar med livstykke har vore svært vanlege i europeisk drakttradisjon gjennom fleire hundreår. Kjolelivet er særleg tydeleg på mange europeiske folkedrakter, der det kan vera svært forseggjort og i eit anna stoff enn stakken.

Bluseliv er namnet på eit laustsitjande kjoleliv.

Kvinne med solliv og kortbukser i Sverige i 1946.

Solliv[endre | endre wikiteksten]

Solliv er eit eige plagg som kan brukast som ytterplagg i varmt vêr, eller delvis skjult under ein jakke. Det kan brukast saman med kortbukser, skjørt eller lengre bukser. Sollivet var ein forløpar for bikinioverdelen.[12]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephanie Pedersen (‪2004‬), Bra: A Thousand Years of Style, Support and Seduction, ‪David & Charles‬ 
  2. Prakash Chander (‪ 2003‬), India: Past and Present, ‪APH Publishing‬, s. 126 
  3. 3,0 3,1 Lauren Mack, Chinese Clothing: Dudou ved about.com
  4. Harold Whetstone Johnston, Revised by Mary Johnston (1903, 1932), The Private Life of the Romans, Scott, Foresman and Company 
  5. Gendered Fashion, Power, and Sexuality: A History of Lingerie. 22. februar 2008 ved Random History.com 
  6. 6,0 6,1 livstykke i Den Store Danske
  7. Underliv (NFM.1993-00538); Undertøy, liv (NF.1950-1030) ved Digitalt Museum
  8. DigitaltMuseum: Underklede, DigitaltMuseum, henta 12. juni 2012 
  9. DigitaltMuseum: Underliv, DigitaltMuseum, henta 12. juni 2012 ; DigitaltMuseum: Underliv, DigitaltMuseum, henta 12. juni 2012 
  10. DigitaltMuseum: Undertøy, liv, DigitaltMuseum, henta 12. juni 2012 
  11. DigitaltMuseum: Underliv, DigitaltMuseum, henta 12. juni 2012 
  12. Ida Aamodt-Hansen (21.apr. 2006), «Bikinien 60 år», Aftenposten