Hopp til innhald

Dampkoking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dampkoking av ris i Laos.

Dampkoking eller damping vil seia at ein varmebehandlar mat med damp. Det ein skal koka blir halde over kokande vatn ved hjelp av t.d. ein dampkokar eller ei sil eller rist plassert over ei gryte med kokande vatn.

Fordeler med å dampkoka mot å koka direkte i vatn er mellom anna at ein har mindre risiko for å koka sund ingrediensane, og at fleire vitamin og mineral blir igjen i det ein kokar.[1][2]

  1. «dampkoking». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 2. september 2019. 
  2. Tunstrøm, Stine (9. oktober 2014), «Derfor bør du dampkoke maten», kk.no (på norsk), henta 7. august 2022