Dana Brožková

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dana Brožková


Statsborgarskap Tsjekkia, Tsjekkoslovakia
Fødd 28. april 1981 (42 år)
Rovensko pod Troskami
Idrett orientering

Dana Safka Brožková (fødd 28. april 1981) er ein tsjekkisk tidlegare orienteringsløpar frå Turnov. Ho vart verdsmeister 2008 i klassisk løype og 2009 i mellomlang løype.

Brožková høyrde til verdseliten frå 2004 til 2011. Si fyrste VM-medalje vann ho då vart nummer 3 på normal-distansen under VM 2006 i Århus. To år seinare sprang ho inn til gull på den same distansen då verdsmeisterskapen fann stad i heimlandet. Sitt andre og siste VM-gull tok ho på mellomdistansen då VM 2009 vart avvikla i Ungarn. I 2010 la Brožková beslag på sølvmedaljen på normal-distansen ved europameisterskapen Primorsko i Bulgaria. Også under verdsmeisterskapen 2011 i Frankrike kom ho på sølvplassen på normal-distansen, før ho som ankerkvinne på stafetten sikra sølvmedalje til seg og lagkameratane Martina Zvěřinová og Eva Juřeníková.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2004: Nr 4 på kort-distansen
  • VM 2005: Nr 6 på kort-distansen
  • VM 2006: Bronse i klassisk løype
  • VM 2008: Gullmedalje i klassisk løype
  • VM 2009: Gullmedalje på mellomdistansen
  • VM 2011: Sølv i klassisk løype og i stafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]