Danmark i Sandviksbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om holmen i Sandvika. For landet, sjå Danmark.
Danmark

Danmark er ein låg holme mest utan vegetasjon som ligg i Sandviksbukta ved Sandvika i Bærum kommune, tett attmed ei strand som vert kalla Lakseberget. Motorvegen E-18 forbi Sandvika ligg no langs denne stranda, og holmen er å sjå om lag rett utanfor det austre brufestet for den lange motorvegbrua som går i eitt strekk over det inste av Sandviksbukta og over Kadettangen og Sandvikselva.

Holmen vart skild ut som særskild eigedom frå garden Blommenholm på slutten av 1700-talet, og var på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet bustad for fiskarfamiliar med eit bustadhus og eit naust som var sett opp på holmen. Deretter, i 1926, bygde Selskabet for Sandvikens Vel ein stor sjøbadbygning med skilde avdelingar for kvinner og menn her. Men etter ei ti års tid byrja folk heller å bade saman frå den fine sandstranda på Kadettangen i nærleiken, og sjøbadet vart lagt ned. Bygningane vart teke over av Bærums Roklubb og tilpassa deira aktivitetar, og Bærum Kajakklubb flytta òg til holmen. Men etter at roklubben og kajakklubben fekk seg nytt hus på Kalvøya i 1972 (denne øya hadde fått brusamband med Kadettangen i 1963), vart bygningane på Danmark rivne og holmen rydda for alt av innretningar. Etter at dette var gjort, har det skjedd at danskar samla seg til lystig lag på holmen somme år på den danske nasjonaldagen, på bakgrunn av at holmen har same namnet som landet Danmark.

Namnet Danmark på denne vesle holmen er ikkje meir enn om lag eit par hundre år gamalt, altså frå tida då Noreg låg under danskekongen. Attom valet av namnet Danmark låg det nok inga hyllest av landet Danmark, men heller ei litt ironisk påpeiking av at holmen, for å vere ei øy, var like lita og flat som Danmark var lite og flatt for å vere eit heilt land. Flate holmar med namnet Danmark finst det elles fleire av her i landet, og Danmark er òg nytta som namn på små, flate jordstykke mange stader.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ness, Tore. 2008. Navn i fjorden : Oslo – Asker – Bærum. Oslo: Orion Forlag AS. ISBN 978-82-458-0847-6
  • Borgen, Per Otto. 2006. Asker og Bærum leksikon. Drammen: Forlaget for by- og bygdehistorie. ISBN 82-91649-10-3