Sandviksbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sandviksbukta er ei bukt utanfor Sandvika i Bærum. Sandviksbukta er avgrensa utover av strekninga HøvikoddenKalvøya.

Om vinteren, særleg i januar og februar, er normalt Sandviksbukta islagt. Det er då populært å gå tur utover isen frå Sandvika, langs stien merkt av Isoppsynet i Bærum. Sandviksbukta nyttast òg av folk som går på skeiser og av dei som flyr radiostyrte fly og helikopter.

I Sandviksbukta ligg òg holmen Danmark, der somme danskar i Oslo-området spøkefullt har samla seg for å feire Danmark sin nasjonaldag.