Dartryfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dartryfjella
fjellkjede
Land  Irland
Kart
Dartryfjella
54°20′00″N 8°25′00″W / 54.333333333333°N 8.4166666666667°W / 54.333333333333; -8.4166666666667
Wikimedia Commons: Dartry Mountains

Dartryfjella (engelsk Dartry Mountains, irsk Sléibhte Dhartraí[1] er ei fjellkjede nordvest på Irland, nord i Sligo og Leitrim. Dei ligg mellom Lough Melvin, Lough Gill og Lough MacNean. Det høgaste punktet er Truskmore som er 647 meter (2 123 ft).[2] Andre viktige toppar er Benbulbin på 526 meter (1 726 ft), Benwiskin på 514 meter (1 686 ft) og Tievebaun på 611 meter (2 005 ft).

Fjella har namn etter den gamle túath-inndelinga Dartraighe, som tilhøyrde kongedømet Bréifne. Fjella er svært nær Breifnefjella, som ligg i søraust.

Fjellkjeda er danna av eit stort oppdelt kalksteinplatå.[3] Brear har skore ut dei særskilde formene i fjellkjeda. Ho omfattar dalane Glencar, Glenade og Gleniff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dartry Mountains. Placenames Database of Ireland.
  2. Truskmore. MountainViews.ie.
  3. Guilfoyle, Michael (14. februar 2015). «Go Walk: Dartry Mountains, Co Sligo». The Irish Times. Henta 20. desember 2018.