Datakomprimering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Datakomprimering er ulike teknikar for å redusera datamengda som skal overførast eller lagrast. Ein skil mellom tapsfri komprimering og komprimering med tap.

Tapsfri komprimering[endre | endre wikiteksten]

Tapsfri komprimering vert nytta der det er viktig at informasjonen som vert overført eller lagra ikkje vert endra. Dette er til dømes viktig når ein overfører eller lagrar programvare, tekst, innskot på bankkontoar, og så vidare. Tapsfri komprimering nyttar ulike strategiar for å koda informasjonen på ein meir effektiv måte. Ein av desse teknikkane går ut på å nytta stutte kodeord for symbol det er mange av og lengre kodeord for symbol som ikkje vert sendt så ofte.

Datakomprimering med tap[endre | endre wikiteksten]

Datakomprimering med tap fjernar informasjon som ikkje vert sett på som viktige. Dette reduserer datamengda og komprimeringsgraden vert større enn for tapsfri komprimering. Prisen ein betaler for den auka komprimeringsgraden er at dekodaren i mottakaren ikkje klarer å attskapa den opphavlege informasjonen eksakt, slik at ein nå nøya seg med ei omtrentleg attskaping. Komprimering med tap vert nytta for musikkfiler (MP2, MP3, AAC, etc.), tale (CELP, Speex, etc.) bilete (JPEG), video (MPEG, DV, H.261, etc.).