Dataspelutgjevar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein dataspelutgjevar er eit føretak som publiserer dataspel som anten er utvikla internt hjå føretaket eller har vorte utvikla av ein dataspelutviklar.

I likskap med bokutgjevarar og utgjevarar av DVD-filmar står spelutgjevarar til ansvar for tilverking og marknadsføring av produktet, inkludert marknadsundersøking og alle former for reklame. Dei gjev ofte økonomisk stønad til utviklinga av spelet, av og til ved å gjeva pengar til ein dataspelutviklar, eller ved å gjeva pengar til ei intern gruppe med utviklarar kalla for eit studio. Dei store spelutgjevarane distribuerer også spela dei publiserer, medan nokre mindre utgjevarar ofte hyrer føretak som distribuerer for å distribuera spela dei publiserer.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.