Hopp til innhald

David Cronenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Cronenberg

Fødd15. mars 1943 (81 år)
FødestadToronto
Aktive år1969–
Verka somfilmregissør, skodespelar, filmprodusent, filmklyppar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, regissør, manusforfattar, produsent
MorEsther Cronenberg
FarMilton Cronenberg
EktefelleMargaret Hindson, Carolyn Zeifman
BornBrandon Cronenberg, Caitlin Cronenberg, Cassandra Cronenberg
PrisarRidder av Æreslegionen, Companion of the Order of Canada, ridder av Ordre des Arts et des Lettres, Academy of Canadian Cinema and Television Award for Best Motion Picture, Special Prize of the Angoulême festival jury, Carrosse d'or, Order of Ontario, Queen Elizabeth II Diamond Jubilee Medal, Medlem av the Royal Society of Canada, Canada’s Walk of Fame, Juryens pris ved Filmfestivalen i Cannes, offiser av Order of Canada, Sitges Film Festival Best Screenplay award, Sitgesfestivalens pris for beste regissør, Sitgesfestivalens pris for beste regissør, Premio Máquina del Tiempo, The George Pal Memorial Award, Canadian Screen Award for Best Screenplay

David Cronenberg (fødd 15. mars 1943) er ein kanadisk filmregissør og manusforfattar. Han er særleg kjend for grøssarfilmar, men har også verka inna ei rekkje andre sjangrar. Han er ein hovudmann bak sjangeren kroppsskrekk (body horror), med filmar som tek for seg kroppsomforming, infeksjonar og innverknad mellom psykologiske, fysiske og teknologiske aspekt. Han er best kjend for utforskinga av slike tema i science fiction-grøssararsom Shivers (1975), Scanners (1981), Videodrome (1983) og The Fly (1986).[1]

Filmane til Cronenberg har delt både kritikarar og publikum; han er blitt lovprisa og har også skapt kontroversar gjennom avbildingar av gru og vald.[2][3] Filmane hans har vunne ei rekkje prisar, som spesialjuryprisen for Crash ved Filmfestivalen i Cannes i 1996.[4] Seks av filmane hans er blitt nominerte til Palme d'Or i Cannes, mest nyleg Crimes of the Future, som blei vist ved Cannes i 2022.

Frå 2000-talet til 2020-talet har Cronenberg samarbeidd med Viggo Mortensen om ei rekkje filmar, som A History of Violence (2005), Eastern Promises (2007), A Dangerous Method (2011) og Crimes of the Future (2022).

Cronenberg er fødd og busett i Toronto.[5][6] Han var gift med Margaret Hindson frå 1972 til dei skilde seg i 1979, dei hadde ei dotter saman, Cassandra Cronenberg. Den andre kona hans var Carolyn Zeifman, som han var gift med til ho døydde i 2017.[7] Dei fekk to barn saman, Caitlin og Brandon.[8]

Filmar i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • Maps to the Stars (2014)
  • Cosmopolis (2012)
  • A Dangerous Method (2011)
  • Eastern Promises (2007)
  • A History of Violence (2005)
  • Spider (2002)
  • eXistenZ (1999)
  • Crash (1996)
  • M. Butterfly (1993)
  • Naken lunsj (1991)
  • Tvillingskjebner (1988)
  • Fluen (1986)
  • Mørke krefter (1983)
  • Videodrome (1983)
  • Scanners (1981)
  • The Brood (1979)
  • Fast Company (1979)
  • Rabid (1977)
  • Shivers (1975)
  1. «David Cronenberg: 10 essential films». British Film Institute (på engelsk). Henta 14. juni 2021. 
  2. «Cronenberg defends movie's naked bathhouse scene». CTVNews. 11. september 2007. Henta 22. juni 2017. 
  3. «Director David Cronenberg: Responsible violence?». CNN. Henta 22. juni 2017. 
  4. Maslin, Janet (21. mai 1996). «Secrets and Lies' Wins the Top Prize at Cannes». The New York Times. Henta 20. september 2018. 
  5. Jonathan Crow (2009). «David Cronenberg: Full Biography». Movies & TV Dept. The New York Times. Arkivert frå originalen 22. februar 2009. Henta 16. april 2017. 
  6. Cronenberg 1992, s. 1.
  7. «Carolyn Cronenberg, Film Editor and Wife of David Cronenberg, Dies at 66». The Hollywoord Reporter. 5. juli 2017. 
  8. Mottram, James (21. oktober 2007). «David Cronenberg: 'I'm not ready to embrace Hollywood respectability quite yet». The Independent. Henta 8. januar 2012. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: David Cronenberg
Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.