David Peebles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

David Peebles [Pables] (d. 1579?) var ein skotsk komponist av religiøs musikk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner til lite om livet hans, men dei fleste av verka han skreiv stammar frå mellom 1530 og 1576. Peebles var kannik ved det augustinske klosteret St Andrews til den skotske reformasjonen (1559–60). Etter å ha forlate klosteret i samband med reformasjonen verker det som om han gifta seg og fekk to barn. Han døydde ei viss tid før 1592, ettersom testamentet til kona hans frå dette året omtalar henne som ein etterlaten eller "relict" etter Peebles, og nemner to ektefødde søner, Andrew og Thomas.[1]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Den best kjende komposisjonen hans er Si quis diligit me (med tekst frå Joh. 14:23), ein motett for fire stemmer (SATB). Han blei skriven rundt 1530 og presentert til Jakob V av Skottland, som "being a musitian ... did lyke it verray weill".[2] Francy Heagy la til ei alt-røyst til motetten rundt 1547, og denne er med i dei fleste nyare utgåver.

I 1560-åra, etter reformasjonen, fekk Peebles i opprdag frå James Stewart, jarlen av Moray og den uektefødde sonen til Jakob V, å tonesetja Salmane i fire delar. 105 av desse komposisjonane blei laga for bruk i skotske kyrkjer.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ross, D James. "Peebles, David". Oxford Dictionary of National Biography online
  2. Ross, D James. "Peebles, David". Oxford Dictionary of National Biography online
  3. Elliott, Kenneth. "Peebles, David". New Grove Dictionary of Music and Musicians online.

External links[endre | endre wikiteksten]