Salmane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Salme 1 skriven på hebraisk - nynorsk Sæl er den mann som ikkje gjeng i raad med ugudelege og ikkje stend paa veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar, men som hev si lyst i Herrens lov og grundar paa hans lov dag og natt.

Salmane (gresk Ψαλμοί [psal'moj]) eller Tehillím (hebraisk תְּהִלִּים [təhil'līm]), òg ofte kalla Davidssalmane, er ei av visdomsbøkene i Bibelen. Boka inneheld poetiske tekstar og er den lengste boka i Bibelen. Mange av tekstane er retta til Gud.

Boka omfatter i alt 150 salmar. Nokre salmar er vekselssongar som har vore bruka i tidlege jødiske gudstenesteritual (til dømes salme 15 og 24), andre er skrivne for kongevigsling (t.d. salme 2 og 110). Salme 1 og salme 119 er læresalmar, medan dei fleste andre som ber preg av å vere bøner, profeti, fyndord og lovprisingsvers. Dei er knytte til vidt forskjellige tidsperiodar; nokre omtaler hendigar etter bortføringa til Babylon. Tekstene skal ha vore skrivne av Moses, David (vel sytti salmar er Davidssalmar), Salomo (12 salmar), Asaf og fleire andre, ikkje alle er namngjevne. Fleire av tekstane har overskrifter, og i nokre er det ført opp musikalske uttrykk som vi ikkje sikkert kan tyde i dag.

Salme 1 i gammalt handskrift

Tradisjonelt vert Salmane delte inn i fem delar: Første bok, kap. 1-41, Andre bok, kap. 42-72, Tredje bok, kap. 73-89, Fjerde bok, kap 90-106, og Femte bok, kap. 107-150. Kvar av desse bolkane sluttar med eit lovprisningsord. Heile salme 150 er ei lovprising som avsluttar heile salmesamlinga.

Tekstane er eit godt eksempel på den semittiske poesien frå oldtida. Dei inneheld opptakingar og parallellstrofar, som er typisk for litteraturen. Dei tek opp mange av dei religiøse tankane som resten av Den hebraiske bibelen held fram. Dei gjev uttrykk for både lovprising, sorg, bøn og andre kjensler. Nokre av salmane er akrostiske; det vi seie at dei er inndelte i avsnitt som begynner på forskjellige bokstavar i det hebraiske alfabetet.

Salmane har alltid vore sentrale i den jødiske gudsdyrkinga. Dei blir òg rekna som sentrale skrift i kristendommen. Dei bibelske salmane har vore førebilete for den kristne salmediktinga. Vi finn mange av orda att i salmeboka, til dømes desse linene frå den 127. salmen som vi finn att i fedrelandssalmen til Blix:

Dersom Herren ikkje byggjer huset
arbeider dei faafengt som byggjer på det.



Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Salmane