David Ricardo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Ricardo

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Fødd 18. april 1772
London, Kongeriket Storbritannia
Død 11. september 1823 (51 år)
Gatcombe Park, Gloucestershire
Yrke samfunnsøkonom, aksjemegler, filosof, politikar, skribent
Språk engelsk
Politisk parti Whigpartiet
Religion Jødedommen, unitarisme
Ektefelle Priscilla Ann Wilkinson
David Ricardo på Commons

David Ricardo (18. april 177211. september 1823) var ein britisk økonom. Han var ein av 1800-talet sine mest innflytnadsrike klassiske økonomar og kan sjåast på som oppfølgjaren til Adam Smith. Styrken til Ricardo var logisk konsekvens og presisjon, men han hadde ikkje Smith sin unike evne til levande framstilling av dei økonomiske forholda.

Teoriane til Ricardo blir framleis drøfta, og det finst faktisk ei gruppe økonomar som kallar seg nyricardianarar. Ricardo vidareutvikla arbeidsverditeorien til Adam Smith, og fekk dermed stor innflytnad på Karl Marx sine seinare økonomiske analysar.

Særleg kjent er modellen om komparative fordelar i internasjonal handel, som viste at to land (som handlar med to varer) begge kunne tene på å handle med kvarandre, sjølv om det eine landet var meir produktivt enn det andre i produksjonen av begge varene. (Vi kan merke oss at teorien ikkje seier noko om etterspurnadssida, og dermed eigentleg ikkje korfor handel skjer.) Teorien om komparative fordelar danna grunnlaget for det seinare Heckscher-Ohlin-teoremet for internasjonal handel. Ideen bak dette er at land handlar med kvarandre fordi de har ulike ressurstilgangar.

Works, 1852

Ricardo sin analyse av importforbodet for korn til England på slutten av 1700-talet er òg sentral i arbeida hans. Dette forbodet meinte han var til sterk skade for industrien og for den samla vekstkrafta til økonomien. Han omtalar landadelen som parasittar i det økonomiske systemet, fordi inntektene deira (det han kallar grunnrente) etter hans syn går til å halde tenarskap og konsumere luksusvarer i staden for å bli kanalisert inn i produktiv verksemd. Ricardo hamna i eit heftig ordskifte med den samtidige Thomas Malthus om det kunne oppstå ein generell svikt i etterspurnaden i økonomien. Ricardo, som bygde på Says lov, såg på dette som umogleg. Synet hans vart ståande nærast uimotsagt heilt til John Maynard Keynes tok opp att spørsmålet godt ut på 1900-talet.