Thomas Malthus
Thomas Malthus | |||
| |||
Fødd | Thomas Robert Malthus 13. februar 1766 Westcott, Surrey | ||
---|---|---|---|
Død | 23. desember 1834 Bath | ||
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia | ||
Yrke | samfunnsøkonom, essayist, statistikar, demograf, anglikansk prest, sosiolog, matematikar, skribent | ||
Alma mater | Jesus College University of Cambridge Warrington Academy | ||
Ektefelle | Harriet Eckersall | ||
Barn | Henry Malthus, Lucy Malthus, Emily Malthus | ||
Medlem | Royal Society Det russiske vitskapsakademiet |
Thomas Robert Malthus (4. februar 1766–23. desember 1834) var ein prest og samfunnsforskar fødd i Surrey i England. Han er mest kjend for sine teoriar om folkesetnadsutvikling. I 1798 gav han ut eit verk som bar tittelen «An Essay on the Principle of Population». Boka formulerte ei «befolkningslov» som sa at befolkningsveksten alltid vil vera høgare enn veksten i matproduksjon, slik at så lenge denne befolkningslova virkar vil befolkninga bli justert i t.d. katastrofar som hungersnaud.
Malthus reiste på ymse forskingsreiser. I 1799 reiste han gjennom Noreg frå Halden til Trondheim. Av Malthus finst ei reisedagbok frå denne reisa (The travel diaries of Thomas Robert Malthus), den delen av dagboka som omhandlar Noreg er utgitt på norsk. Malthus reviderte sitt «Essay» på grunnlag av reiser i Noreg og andre land.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Malthus, Thomas R. (2005): Reisedagbok fra Norge 1799. Opptrykk av norsk utgave fra 1968. Oslo: Cappelen.