DeBusk Scarp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DeBusk Scarp
klippe
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 69°23′S 62°57′W / 69.383°S 62.950°W / -69.383; -62.950
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
DeBusk Scarp
69°23′00″S 62°57′00″W / 69.3833°S 62.95°W / -69.3833; -62.95
DeBusk Scarp is located in Antarktis
DeBusk Scarp (Antarktis)

DeBusk Scarp er ein nesten vertikal fjellvegg, 3,5 km lang og med ei høgd opp mot 300 m, ved sørsida av munningen av Binghambreen, på austkysten av Palmer Land. Fjellveggen vart fotografert frå lufta i 1928 av sir Hubert Wilkins og igjen i 1940 av medlemmar av U.S. Antarctic Service som kartla denne kysten. Han vart observert på ny av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, under Finn Rønne, som namngav han etter Clarence DeBusk, som var administrasjonssekretær i handelskammeret i Beaumont i Texas, og som assisterte RARE i førebuinga av reisa sørover.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «DeBusk Scarp». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. januar 2014. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «DeBusk Scarp» (innhald frå Geographic Names Information System).