Dean Macey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dean Macey
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 12. desember 1977 (46 år)
Rochford
Idrett friidrett, bobsleigh
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 2006

Dean Macey (fødd 12. desember 1977) er ein britisk tidlegare tikjempar. Han vann sølvmedaljen i øvinga ved VM 1999 og bronsen i VM 2001.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Macey vann i mai 1999 i Arles tikamptevlinga under landskampen Frankrike–Storbritanna etter å ha sanka 8 347 poeng. Same sesongen i august forbetra han sitt personbeste til 8 556 poeng under verdsmeisterskapen i Sevilla og vann sølvmedaljen bak den suverene vinnaren, Tomáš Dvořák frå Tsjekkia. I sin neste tikamp, i Sommar-OL 2000 i Sydney, samla Macey 8 567 poeng, noko som gav han fjerdeplassen bakom estaren Erki Nool (8 641), tsjekkaren Roman Šebrle (8 606) og USA-amerikanske Chris Huffins (8 595).

Ved verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton presterte Macey sitt livs beste tikamp. Med 8 603 poeng tok bronsemedaljen, einast Tomáš Dvořák (8 902) og Erki Nool (8 815) gjorde det betre. Under dei olympiske sommarleikane 2004 enda Macey som i Sydney-OL på fjerdeplassen. Med 8 414 poeng hamna han langt bak medaljevinnarane; Roman Šebrle vann med 8 893 poeng framfor Bryan Clay (8 820) frå USA og Dmitrij Karpov (8 725) frå Kasakhstan. I mars 2006 sigra Macey med 8 143 poeng då samveldeleikane 2006 fann stad i Melbourne.

Den mykje skadeplaga Macey deltok i berre 14 tikamptevlingar over ein periode på 13 år, 1996-2008. Han fullførte ti av tevlingane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]