Hopp til innhald

Rochford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rochford
by
Land  England
Region Essex
Distrikt Rochford
Folketal 9 889 (2021)[1]
Postnummer SS4
Retningsnummer 0 1702
Kart
Rochford
51°34′56″N 0°42′23″E / 51.5821°N 0.7065°E / 51.5821; 0.7065
Wikimedia Commons: Rochford

Rochford er ein liten by i Essex i England. Han er administrasjonssenter for distriktet Rochford, som har teke namn etter byen. Byen er kjernen i eit verdsleg sokn som òg omfattar Stroud Green og London Southend Airport. Byen grensar mot forstadsområde i Ashingdon og Hawkwell.

Namnet kjem frå Rochefort, som er gammalengelsk for vadestaden til jakthundane. Elva som renn gjennom byen heiter no Roach. Opphavleg heitte han Walfleet, men det var ei utbreidd oppfatning at Rochford måtte tyde «vadestaden i Roch/Roach», og elva fekk dermed nytt namn på grunn av ein mistyding.

Herregarden Rochford Hall er i privat eige, og blir brukt som bustad. Familien eig òg golfbanen ved huset. Henrik IV gifta seg der i 1380, og i 1525 utnemnde Henrik VIII Thomas Boleyn til vicomte Rochford.

Det er jernbanesamband til Liverpool Street stasjon i London, og mange innbyggjarar pendlar til arbeid i hovudstaden.

  1. «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Rochford