Deep Freeze Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deep Freeze Range
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 74°15′S 163°45′E
Lengd 128 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Deep Freeze Range
74°15′ S 163°45′ E
Deep Freeze Range is located in Antarktis
Deep Freeze Range (Antarktis)

Deep Freeze Range er ei ulendt fjellkjede, over 128 km lang og kring 16 km brei, mellom Priestley- og Campbellbreen i Victoria Land i Antarktis. Ho strekkjer seg frå kanten av polarplatået til Terra Nova Bay. Fjella i den lågare og midtre delen av fjellkjeda vart observert av dei tidlege britiske ekspedisjonane til Rosshavet.[1]

Fjellkjeda vart kartlagd i detalj av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1955-63. Ho vart namngjeven av US-ACAN til ære for støtta U.S. Navy sin Operasjon Deep Freeze i Antarktis i fleire år frå og med 1954.[1]

Av fjell i fjellkjeda finn ein Mount Adamson, Mount Dickason, Mount Hewson, Mount Queensland og Shafer Peak

Kjelder[endre | endre wikiteksten]