Dei sju øyane i Bombay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei opphavlege øyane .
Bombay 1909, før samansføyinga med Salsetteøya.
Mumbai i 2009.

Dei sju øyane i Bombay er sju mindre øyar som den indiske byen Bombay (Mumbai) blei bygd på. Dei er seinare blitt samanføygde til ein landmasse, men har gjeve namn til bydelar i byen.

Øyane var:[1]

  1. Bombay
  2. Colaba
  3. Old Woman's Island eller Vesle Colaba
  4. Mahim
  5. Mazagaon
  6. Parel
  7. Worli

Samanføyinga av øyane byrja med oppdemming på ordre frå den britiske guvernøren William Hornby,[2] som hadde stillilnga frå 1782 til 1784. Tidleg på 1900-talet blei kanalane mot Salsetteøya fylte att, slik at Bombay og Trombay blei samanføygde med Salsetteøya. Trombay og Salsette utgjer i dag forstadar til byen.

Dei fem øyane som er att ved Mumbai i dag er:

  1. Gharapuri eller Elephanta Island (med Elephantagrottene)
  2. Jawahar Dweep eller Butcher Island
  3. Middle Ground Coastal Battery
  4. Oyster Rock
  5. East Ground

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gupta, Sourendu (18. november 1997), «The Seven Islands: Mumbai/Bombay pages», theory.tifr.res.in, henta 14. februar 2024 
  2. Perur, Srinath (30. mars 2016). «Story of cities #11: the reclamation of Mumbai – from the sea, and its people?». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077.