Demis Roussos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Demis Roussos
Demis Roussos in Baku 2.JPG
Demis Roussos i Baku i 2013
Verkeleg namn Artemios Ventouris Roussos
Opphav Hellas
Fødd 15. juni 1946(1946-06-15)
Alexandria i Egypt
Død

25. januar 2015 (68 år)
Aten

Sjanger Pop, verdsmusikk, popfolk, progressiv rock
Aktive år 1963 til i dag
Yrke Songar, bassgitarist, gitarist, trompetist
Tilknytte artistar Aphrodite's Child, Vangelis, The Idols

Artemios «Demis» Ventouris Roussos (15. juni 194625. januar 2015) var ein gresk songar og artist som har ei rekkje internasjonale hittplater som soloartist i 1970-åra, etter å ha vore medlem i progrockgruppa Aphrodite's Child med Vangelis. Han har seld over 60 millionar plater verda over.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Roussos vart fødd og voks opp i Alexandria i Egypt. Foreldra mista alt dei eigde under Suezkrisa og flytta så til Hellas.[2]

Etter å ha slått seg ned i Hellas, var Roussos med i ei rekkje grupper, som The Idols då han var 17 år, der han møtte Evangelos Papathanassiou (seinare kjend som Vangelis) og Loukas Sideras, ein framtidig bandkollega i Aphrodite's Child. Etter dette vart han med i We Five (ikkje folkrockgruppa frå San Francisco), eit coverband som hadde ein viss suksess i Hellas.

Musikalsk karriere[endre | endre wikiteksten]

Demis vart meir kjend i 1967 då han vart med i progrockgruppa Aphrodite's Child, med Vangelis og Sideras, først som songar, men seinare spelte han òg bassgitar, og fekk stor kommersiell suksess i Frankrike og andre delar av Europa frå 1968 til 1972. Dei drog til London for å bryte gjennom internasjonal, men på grunn av dårleg vêr måtte flyet deira lande i Paris, og dei valte å bli verande då dei fekk kontrakt med Philips S.A. Den særeigne vokalen hans var medverkande til at bandet vart internasjonalt kjend, mellom anna på det siste albumet deira, 666, som vart ein progressiv rock-kultklassikar.

Etter Aphrodite's Child vart oppløyst heldt Roussos fram å sporadisk spele med Vangelis. I 1970 gav dei to ut Sex Power (sjølv om albumet stundom er omtalt som eit Aphrodite's Child-album), og spelte i 1977 inn albumet Magic i lag. Det mest suksessrike samarbeidet deira var «Race To The End» (òg sungen på spansk som «Tu Libertad»), a ei vokal tilpassing av det musikalske temaet frå filmen Chariots of Fire, medan Roussos òg song på filmmusikken til Blade Runner (1982) på songen «Tales Of The Future».

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

Roussos byrja ein solokarriere med songen «We Shall Dance» i 1971. Han hadde først lite suksess, men turnerte rundt i Europa og vart etter kvart ein stor artist. Solokarrieren hans nådde toppen i midten av 1970-åra med ei rekkje hitalbum. Singelen hans «Forever And Ever» toppa listene i fleire land i 1973 (1976 i Storbritannia). Andre hittar var «My Friend the Wind», «My Reason», «Velvet Mornings», «Goodbye My Love, Goodbye», «Someday Somewhere» og «Lovely Lady Of Arcadia». I starten var ikkje Roussos så godt kjend i Storbritannia, men mange engelskmenn ferierte på dei greske øyane i 1970-åra, og musikken hans var både fengslande og stemningsskapande. Han var så populær i resten av Europa at ein fann det rart at musikken hans ikkje slo igjennom på den britiske marknaden. BBC-produsenten John King valte å lage ein dokumentar om han kalla 'Roussos Phenomenon' i 1976. Etter programmet gjekk på lufta vart Roussos ein umiddelbar suksess i Storbritannia, med tre album inn på salslistene.

Han spelte inn songane sine på mange språk, mellom anna japansk, medan The Roussos Phenomenon EP vart den første plata som nådde toppen av den britiske singellista for ein afrikanskfødd artist i historia. Han hadde stor suksess i Europa og Latin-Amerika, men i USA hadde han berre suksess med albumet Demis, som selde til gullplate der.

I mange år sleit Roussos med vekta si. I juni 1980 vog han 147 kg. Han byrja så ein diett og gjekk ned 50 kg på 10 månader.[3] I 1982 skreiv han boka A Question Of Weight i lag med venen Veronique Skawinska, der han skriv om kampen mot fedme. Roussos sleit med karrieren i 1980-åra og kjempa med depresjon.

I juni 1985 var han blant gisla under kapringa av TWA Flight 847.[4]

I 1989 spelte han inn songen «Young Love», ein duett med den tyske songaren og låtskrivaren Drafi Deutscher, som vart gjeven ut som singel i Tyskland og nådde andreplassen i det kjende tyske fjernsynsshowet ZDF Hitparade i oktober same året.

I 1990-åra kom fleire album av Roussos. I 1993 gav han ut Insight (òg kalla Morning Has Broken). Albumet fekk ganske god kritikk, men forsøket på ein rapsong, «Spleen», vart sett på som ein dårleg idé. Han gav så ut Immortel, Serenade og In Holland, med forskjellige etniske og elektroniske stilar.

Roussos heldt fram å spele inn musikk og turnere. Våren 2002 hadde han ein suksessrik turné i England, medan han i seinare år spelte ein del i Russland og Dei sameinte arabiske emirata.

I 2006 gav han ut Live In Brasil. Frå 2006 til 2008 deltok han på Âge tendre et têtes de bois-turneen, ei rekkje konsertar med franske songarar frå 60- og 70-åra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Aphrodite's Child[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Greek singer Demis Roussos dies aged 69», BBC News (26 January 2015)
  2. Injy El-Kashef (2003-06-25). «Al-Ahram Weekly | Living | Mambo Egyptiano». Weekly.ahram.org.eg. http://weekly.ahram.org.eg/2003/643/li1.htm. Henta 4. september 2014. 
  3. André BELLOT. «Aphrodite's Child». Demislegrec.com. http://www.demislegrec.com/anglais/biographie.html. Henta 4. september 2014. 
  4. «Key Points in the Hijack of TWA Flight 847». www.apnewsarchive.com. http://www.apnewsarchive.com/1985/Key-Points-in-the-Hijack-of-TWA-Flight-847/id-b6e8f5e3dc8a5fa7d353f0a316fed86e. Henta 4. september 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]