It's Five O'Clock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
It's Five O'Clock
Studioalbum av Aphrodite's Child
Utgjeve Oktober 1969
Innspelt Trident Studios i London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 35:01
Selskap Polydor Records
Produsent Aphrodite's Child
Aphrodite's Child-kronologi
End of the World
(1968)
It's Five O'Clock 666
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg lenkje

It's Five O'Clock er det andre studioalbumet til det greske progrockbandet Aphrodite's Child. Det kom ut i oktober 1969.

Albumet vart spelt inn i London i 1969. Den første singelen frå albumet, «Let Me Love, Let Me Live», kom ut i oktober 1969 og gjekk til topps i Frankrike, medan B-sida «Marie Jolie» vart mest populær i resten av Europa. Tittelsporet «It's five o'clock» kom ut i desember 1969 og gjorde det òg godt i mange europeiske land.[1]

Kort tid etter albumet kom ut la bandet ut på turné i Spania og Italia, men utan Vangelis som føretrekte å halde seg i studio. For å erstatte Vangelis på scenen henta bandet inn grekaren Harris Khalkitis. I mellomtida arbeidde Vangelis med det første soloprosjektet sitt, filmmusikken til Henry Chapier-filmen Sex Power.

Richie Unterberger frå Allmusic skildrar albumet som både eit framhald av debutplata End of the World frå 1968, og eit steg til sides. Somme av songane hadde passa fint inn på det første albumet, medan andre songar går i nye retningar, som «Wake Up», den psykedeliske power-pop-låten «Let Me Love, Let Me Live», countryrock-låten «Take Your Time» og den grusete vaudeville-aktige soulsongen «Good Time So Fine».[2] «Funky Mary» er eksperimenten soulrock med fasa vokal akkompagnert av trommer som nesten fungerer som musique concrète i lag med latinafrikanske bongotrommer og jazzaktig vibrafon. Ein av dei mest sukkersøte songane er «Marie Jolie», av Unterberger skildra som ein popballade med kjensler av gondolballade frå Middelhavet med trekkspelsolo.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «It's Five O'Clock»  Richard Francis, Vangelis Papathanassiou 3:31
2. «Wake Up»  Richard Francis, Vangelis Papathanassiou 4:04
3. «Take Your Time»  Richard Francis, Vangelis Papathanassiou 2:39
4. «Annabella»  Richard Adams, Demis Roussos 3:45
5. «Let Me Love, Let Me Live»  Richard Francis, Loukas Sideras 4:43
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Funky Mary»  Richard Francis, Vangelis Papathanassiou 4:11
7. «Good Time So Fine»  Valerie Johnson, Vangelis Papathanassiou 2:45
8. «Marie Jolie»  Richard Francis, Vangelis Papathanassiou 4:41
9. «Such a Funny Night»  Richard Francis, Vangelis Papathanassiou 4:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]