Den blå laguna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den blå laguna

Den blå laguna (islandsk Bláa lónið) er eit utandørs spabad med mineralhaldig vatn. Vatnet er spillvatn frå kraftverket Svartsengi eit høgtemperaturkraftverk. Ho ligg midt på Reykjaneshalvøya sørvest på Island, ikkje langt unna Keflavík.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Starten på Den blå laguna var eigentleg eit problem. Ho ligg ved kraftverket Svartsengi. Dette var eit av dei fyrste anlegga av denne typen, og dei gjorde nokre feil til å begynne med. Ein av feilane var at spillvatnet frå oppvarminga av ferskvatn til turbinane berre blei pumpa ut på lavaen ved fabrikken for å sive ned i den porøse lavagrunnen. Problemet var berre at alle dei oppløyste minerala i vatnet felte seg ut og etter kvart stengte alle kanalane ned i bakken. Resultatet blei ein dam som etter kvart voks til ei lagune. Vatnet er svært blåfarga, på grunn av eit høgt innhald av kisel. Laguna blei bruka til bading av lokalbefolkinga natterstid. Eit par år seinare sendte ein kar ein søknad til fabrikkleiinga om å få vera i og ved laguna i to veker for å sjå om minerala kunne ha ein effekt på eksemen og psoriasisen hans. Han fekk lov under tvil, og forsøket hans var vellykka. Han hadde fått mykje friskare hud på dei to vekene. Ein forretningsmann fekk høyre om dette, og saman grunnla dei det som i dag er kjent som «Den blå laguna». Her blei eit problem gjort om til ein turistattraksjon som kvart år har over 250 000 besøkande.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]