Spa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå eit spa i Spania.
Ayurvedisk spa i Goa i India.

Spa, tidlegare ofte kalla badestad, kurbad eller badeanstalt, er tradisjonelt ein stad der det finst vatn ein meiner har helsegjevande eigenskapar. Dette er vanlegvis mineralvatn eller varme kjelder. Ved eit spa går det også an å få ulike former for behandling.

I dag blir nemninga gjerne brukt om eit luksushotell eller ein feriestad i nærleiken av ei spesiell vasskjelde, eller som tilbyr massasjebad eller andre former for hydroterapi til gjestene sine. Spa er i dag ei internasjonal nemning på ei moderne kurbadverksemd som omfattar streng diett for sunt kosthald, pleie av kroppen, massasje, avslapping og fysisk og mental mosjon.

Mange stader har verksemda til dei gamle kurbada fått ei ny oppblomstring under nemninga «spa».

Skandinaviske kurbad[endre | endre wikiteksten]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Kjende badestadar i Noreg:

Sverige[endre | endre wikiteksten]

I Sverige har Ronneby brunn i Ronneby kommune, Ramlösa brunn og kurbadet i Nådendal vore blant dei mest kjende kurbada.

Danmark[endre | endre wikiteksten]

I Danmark har Skodsborg Badesanatorium (1898–1992) i Skodsborg vore kjent utover landegrensene som eit kurbad som også utdanna fysioterapeutar og drev ein kokkeskule. I Klampenborg låg Klampenborg Vandkur-, Brønd- og Søbadeanstalt (1845–1939).

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «spa» er avleidd frå byen Spa aust i Belgia. Detste namn er kjent frå romersk tid, då staden blei kalla Aquæ Spadanæ, Staden har medisinske mineralkjelder som blei gjenoppdaga på 1400-talet, og tidleg på 1600-talet var staden velkjent nok i England til at namnet på byen blei nytta som eit generisk omgrep for «medisinske kjelder».[2][3] Det er tidvis ukorrekt blitt knytt til det latinske ordet spargere i tydinga ‘spreia, overrisla’ eller ‘fukta’.[4]

Sidan 1500-talet hadde dei gamle romerske ideane om helsebringande bad blitt gjeninnførte i byar som Bath i Somerset.[5][6] Sidan mellomalderen har sjukdom grunna jernmangel blitt behandla ved å drikka jernmedisin, som jernhaldig kjeldevatn. I 1596 hadde William Slingsby (1563–1634), som hadde vore i den belgiske byen (som han kalla for Spaw), oppdaga ei jernhaldig kjelde i Yorkshire. Han bygde ein innelukka brønn ved staden som skulle bli kjend som Harrogate. Dette blei den fyrste kurstaden i England der ein kunne drikka medisinsk vatn. I 1596 oppdaga doktor Timothy Bright (1551?-1615) ein ny brønn som blei kalla for The English Spaw. Dette blei byrjinga på bruken av ordet «spa» som ei generell skildring av denne typen stad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romersk bad frå antikken i den engelske byen Bath.

Praksisen med å reisa til varme eller kalde kjelder i håp om ein helsebringande effekt på nokre lidingar eller sjukdom går tilbake til forhistorisk tid. Arkeologiske undersøkingar i nærleiken av varme kjelder i Frankrike og Tsjekkia har avdekt våpen og ofringar daterte til bronsealderen. I Storbritannia har legender frå oldtida kreditert tidlege britonske kongar med oppdaginga av dei varme kjeldene i byen Bath.[7]

Bad i gresk tid[endre | endre wikiteksten]

Spabyen Hisarya i Bulgaria: ein romersk by blei bygd på 100-talet på grunn av mineralkjeldene på staden.
Coriovallum, romersk bad i Heerlen i Nederland (rekonstruksjon).

Nokre av dei eldste skildringane av praksis med bad i Vesten kjem frå Hellas i antikken . Grekarar byrja med badekurar som danna grunnlaget for dei moderne prosedyrane med spa. Dei egeiske folka rundt Egearhavet nytta små badestampar, vaskebasseng og forbad for si eiga personlege reinsemd. Dei eldste av slike funn er bada i palasskomplekset ved KnossosKreta frå den minoiske kulturen. Ein har funne luksuriøse badestampar av alabast i minoiske Akrotíri på øya Santorini; begge daterte frå midten av 1000-talet f.Kr. Grekarane etablerte offentlege bad og dusjar innanfor sine gymnasion, som fungerte som ein offentleg idrettsplass og treningsstad for atletar og idrettsfolk. Her slappa dei av, dreiv personleg hygiene og skrapa seg reine med særskilde badeskraper.[8]

Gresk mytologi spesifiserer at særskilde naturlege kjelder eller tidvassbasseng var velsigna av gudane for å lækja sjukdommar. Rundt desse heilage bassenga etablerte grekarane badefasilitetar for dei som kom for å gjera dette. Dei besøkjande etterlét seg offer til dei lækjande gudane på desse stadene, og bada med håp om kur og helsebot. Spartanarane utvikla ei form for primitivt dampbad. Ved Serangeum[9] var det eit tidleg gresk balaneîon eller balneum[10][11], som kan omsetjast til badehus, men her forstått som badekammer, hogge ut i fjellsida der det var varme kjelder. Det blei også hogd inn ei rekkje nisjar i fjellet over kammera der dei badande kunne oppbevara kleda sine. Eit av badekammera hadde dekorative golv av mosaikk som viste ein vognkøyrar, ei hestedriven vogn, fire hestar, ei kvinne følgd av to hundar og nedanfor ein delfin. Dei gamle grekarane nytta eigenskapane til naturen, men utvida dei og la til eigne komfortar som dekorasjonar og hyller. Ved seinare gresk sivilisasjon blei badehus som regel bygde i forlenginga av gymnasion og atletiske område.[7]

Den mest utvikla og forfina bruken av vatn for avslapping og helsebot kjem frå tyrkiske hamam (tyrkisk bad), ei form for dampbad, og arabiske bad.[12] Denne terapeutisk bruken av varmt vatn blei innført av muslimar i den europeiske mellomalderen via Spania (al-Andalus). Dei største arabiske bada i verda utanfor eit muslimsk land ligg i den spanske byen Jaén og er daterte til 1100-talet.[13]

Bad i romersk tid[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av dei enorme bada i Caracallas termar i Roma, fullført i år 216 over 25 hektar land.

Romarane etterlikna mange av badevanane til grekarane, og overgjekk dei i bygging av større og meir komplekse bad. Årsaka var fleire: dei romerske byane var større i utstrekking og med større befolkning, tilgangen på rennande vatn som følgje av bygging av akveduktar, og oppfinninga av sement som gjorde det lettare, tryggare og billigare å reisa store byggverk. Som i Hellas var romerske bad det fremste senteret for avslapping og sosiale aktivitetar. Med utbreiinga av Romarriket spreidde ideen om offentlege bad seg til alle land rundt Middelhavet, og inn i regionar i Europa og i Nord-Afrika. Med bygginga av akveduktar fekk romarane nok vatn ikkje berre til jordbruket og industrien, men også til fritidssyslane sine. Vatnet blei oppvarma for bruk i bada. I dag er utstrekkinga av romerske bad avdekt i ruinar og i arkeologiske undersøkingar i Europa, Nord-Afrika og i Midtausten.[7]

Romarane utvikla også bad i koloniane sine ved å dra nytte av naturlege varme kjelder, til dømes i Aix[14] og Vichy[15] i dagens Frankrike; Bath[16] og Buxton[17] i England; Aachen[18] og Wiesbaden[19] i Tyskland; Baden i Austerrike; Aquincum (dagens Budapest) i Ungarn, og andre stader.[20][21] Desse bada var senter og sosiale møtestader i dei romerske samfunna. Bibliotek, matstader, gymnastikkhallar og hageanlegg vart ein del av nokre badekompleks. I tillegg nytta romarane varmt termisk vatn for å letta lidingar frå reumatisme, leddbetennelse, og frå fråtsing i mat og drikke. Nedgangen for Romarriket som byrja i 337 etter at keisar Konstantin døydde, førte til at romerske legionar gradvis gav opp dei fjernliggjande provinsane deira og lét etter seg bada til å bli overtekne av lokalbefolkninga eller bli øydelagde.[7]

Bad i mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Med nedgangen til Romarriket blei offentlege bad ofte rekna som stader for uanstendige åtferd, og slik bruk var ansvarleg for spreiing av sjukdommar framfor helsebot. Det utvikla seg ei vanleg tru blant folk i Europa om at hyppige bad fremja sjukdommar i staden for å minka dei. Kyrkjeautoritetane i mellomalderen oppmuntra denne trua, og gjorde kva dei kunne for å få stengt offentlege bad. Kyrkjeleiarar meinte at offentlege bad skapte eit miljø for umoral og sjukdom. Kyrkja bannlyste offentlege bad i mislykka forsøk på å stoppa spreiing av syfilis i Europa. Generelt representerte denne perioden ei nedgangstid for offentleg bading.[7]

Folk heldt likevel fram med å oppsøkja nokre få utvalde varme og kalde kjelder som dei trudde var heilage brønnar for å bøta på ulike plager. I ei tid prega av religiøs inderlegheit fanst det ei tru på at vatn kunne vera knytt til Gud eller ein av helgenane. I 1326 oppdaga Collin le Loup, ein jernvarehandlar frå Liège i Belgia, kjelder med jernoksid i den belgiske byen Spa.[22] Rundt desse kjeldene blei det utvikla ein kjend kurstad, og omgrepet «spa» kom til å visa til alle former for kurstad som låg i nærleiken av naturlege vasskjelder. I løpet av denne perioden blei einskilde kjelder assosierte med særskilde sjukdommar og plager som det blei hevda dei kunne lækja eller ha helsebringande effekt for.[7]

Badeprosedyrane i denne perioden varierte mykje. På 1500-talet forordna legar ved Karlsbad i Böhmen (dagens Karlovy Vary i Tsjekkia) mineralvatn teke både innvortes og utvendig. Pasientar bada periodisk i varmt vatn i opp til 10 eller 11 timar medan dei drakk glas etter glas med mineralvatn. Dei fyrste badesesjonane skjedde om morgonen, dei andre om ettermiddagen. Denne behandlinga varte i fleire dagar inntil det danna seg kviser i huda som svulma opp, deretter blei det drenert «gift» frå desse, som ein oppfatta som kjelda til sjukdommen. Så følgde ei rekkje av varme, men kortare bad for å vaska vekk infeksjonar og lukka kviseutbrot.[7]

I den engelske kystbyen Scarborough i 1626 oppdaga ei fru Elizabeth Farrow ei elv med surt vatn som rann frå eit av klippa sør for byen. Denne meinte ein kunne ha helsebringande effekt, og funnet førte til utviklinga av Scarborough Spa. Doktor Robert Wittie si bok om spavatn som kom ut i 1660[23] førte til ein straum av besøkjande til byen. Sjøbad blei også ein behandlingsmetode, og Scarborough blei den fyrste kystferiestaden i Storbritannia.[24] Dei fyrste rullande bademaskinane, eit lite hus med hjul der badande kunne skifta klede i, er dokumentert i 1775.[25]

Bad på 1700-talet[endre | endre wikiteksten]

Poster for Pierre Vigier sitt bad ved breidda av elva Seine i Paris (1797).

På 1700-talet fekk dei fleste europearar i overklassen kleda sine vaska med vatn, men sjølv tørka dei berre ansikta sine med handkle og litt vatn då det å bada heile kroppen var rekna som ein aktivitet for dei nedre samfunnsklassane. Overklassen byrja fyrst å endra haldningane sine til bading som ein måte å oppnå helse på seinare i hundreåret. Dei velståande flokka til kurstader for å drikka og bada i vatnet der. I 1702 drog dronning Anne av Storbritannia til Bath, eit tidlegare romersk bad, for å bada.[26] Ei tid seinare kom Beau Nash til Bath, og gjennom personlegdommen sin fekk han ei leiande rolle til å bestemma god smak og åtferd i England. Saman med finansmannen Ralph Allen og arkitekten John Wood omforma han Bath frå å vera eit landsens spa til den fremste fasjonable kurstaden i England.[27] Bath sette tonen for andre spa i Europa. Tilsynelatande kom dei velståande og berømte dit på sesongmessig basis for å bada og drikka vatnet, men dei kom også for visa fram rikdommen sin for andre likesinna. Dei sosiale aktivitetane i Bath omfatta dans, konsertar, kortspel, førelesingar og promenadar i gatene.[7]

I løpet av 1700-talet kom det ei fornying for medisinsk bruk av kjeldevatn i Europa, fremja av legar som var prega av opplysingstida.[28] Denne fornyinga endra måten ein fekk spabehandling på. Til dømes var den aksepterte metoden i Karlsbad for å drikka mineralvatn at store tønner blei sende til dei enkelte hotella der pasientane drakk dosane dei var tilskrivne av legen for seg sjølv i romma sine. I 1777 rådde doktor David Beecher at pasientane kom til vasskjeldene sjølv og at kvar pasient først skulle utføra tilskrivne øvingar. Denne nyvinninga auka den medisinske nytta, og gradvis blei fysisk aktivitet ein del av kurbada i Europa. I 1767 gav doktor James Currie ut boka The Effects of Water, Cold and Warm, as a Remedy in Fever and other Diseases. Denne boka, i lag med talrike lokale pamflettar om samansetninga av spavatn, stimulerte auka interesse i «vasskur» og fremja utvortes og innvortes bruk av vatn som helsebringande verkemiddel.[29][28] Inntak av vatn som medisin er framleis populært innanfor alternativ medisin, sjølv om både det vitskaplege grunnlaget og den helsemessige effekten er tvilsam eller ikkje-eksisterande.[30][31]

Bad på 1800- og 1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Eit termisk spa i Budapest i Ungarn.
Tyrkisk spa Sina (hamam) i Trenčianske Teplice i Slovakia.
Spa i Franzensbad (Františkovy Lázně).
Kunstig foss ved kurstaden Carolus Thermen i Aachen.

På 1800-talet blei bading ein meir akseptert praksis då legestanden innsåg ein del av fordelane ved reinsemd. Ein koleraepidemi i Liverpool i England i 1842 førte til ein renessanse for hygiene og sanitære forhold, letta av ei overlappande rørsle for hydropati (vasskur) og hygiene. Dette førte til utviklinga av fleire lovar som kollektivt er kjende som «The Baths and Wash-houses Acts 1846 to 1896».[32][33] Resultatet var fleire fasilitetar der ein kunne bada og vaska klede, og fleire menneske deltok i desse aktivitetane.

I dei fleste tilfelle fann den formelle utforminga av den arkitektoniske utviklingane av spa i Europa stad i løpet av 1700- og 1800-talet. Arkitekturen i engelske Bath, utvikla langs georgianske og nyklassisistisk linjer, og følgde generelt palladianske strukturar. Den viktigaste arkitektoniske forma som oppstod var «halvmånen» — eit delvis elliptisk gateplan som er nytta i mange område i England. Spa-arkitekturen i Karlsbad, Marienbad (dagens Mariánské Lázně), Franzensbad (dagens Františkovy Lázně) og Baden-Baden var hovudsakleg nyklassisistisk, men litteraturen synest å indikera at det ikkje blei bygga store badehus før godt inn på 1800-talet. Vektlegginga på å drikka vatn framfor å bada i det førte til utviklinga av skilde strukturar kjende som trinkhallen («drikkehallar»), der dei som tok kuren brukte timar på å drikka vatn frå vasskjeldene.[7]

Ved midten av 1800-talet hadde situasjonen endra seg dramatisk. Besøkjande til europeiske spa byrja å vektleggja bading i tillegg til å drikka vatn. I tilleggtilfontener, paviljongar og «drikkehallar» blei det bygd badehus i skalaen til dei antikke romerske Bygningane var gjerne delte etterfunksjon — som med «drikkehallen», badehuset, inhalatorium (inhalering av damp), og conversationhaus («samtalehuset») som var senteret for sosiale samkome. Baden-Baden hadde golf- og tennisbanar.[7]

Ved byrjinga av 1800-talet bestod kurstadane i Europa av fleire akkumulerte tradisjonar. Baderutinane omfatta nedsenking i varmt vatn, drikking av vatn, pusting damp, og avslapping i nedkjølingsrom. I tillegg gav legane beskjed om at pasientane skulledusja med varmt eller kaldt vatn og ha ein særskild diett for framme helsebot. Forfattarar byrja å skriva reisehandbøker til kurstader og spa i Europa der dei forklarte dei medisinske fordelane og sosiale komfortane for kvar stad. Rike europearar og amerikanarar reiste til desse stadene både for dei kulturelle aktivitetane der og for å bada. Spaa tilbaud liknande kurar medan dei prøvde å halda oppe eigne særpreg. Ved Karlsbad stod gjestene opp ved 6-tida for å drikka vatn medan eit lite orkester spelte. Deretter kom ein lett frukost, bad og sidan lunsj. Legane ved kurstaden avgrensa kva dei enkelte gjestene/pasientane kunne eta ved dei enkelte måltida. Om ettermiddagen kunne gjestene gå på utflukter eller gå på konsert. Nattlege teaterframsyningar følgde kveldsmaten. Dagen enda rundt klokka 21 med at gjestene vende tilbake til romma sine for å sova til neste morgon. Denne kuren kunne halda på så lenge som ein månads tid før gjestene reiste heim og kom tilbake året etter. Andre europeiske spa følgde liknande opplegg.[7]

På byrjinga av 1900-talet kombinerte europeiske spa ein streng diett med mosjon og ein komplett badeprosedyre for å oppnå helseeffekt for kvar enkelt pasient. Eit døme på denne endringa var pasientar ved Baden-Baden, som hadde spesialisert seg på behandling av leddgikt, ved at dei blei sende til ein lege før dei kunne ta bad. Straks dette hadde skjedd fortsette pasientane til hovudbadehuset der dei betalte for bada sine og oppbevarte verdisakene sine før dei blei dirigerte til eit avkledingsrom. Badehuset tilbaud handkle og badesko. Prosedyrane byrja med ein varm dusj, deretter eit rom for sirkulerande varmluft på 140 grader for 20 minutt, deretter 10 minutt til i eit rom på 150 grader, før eit dampbad på 154 grader, før ein dusja og fekk såpemassasje. Etter massasjen sumde pasienten i eit basseng som var oppvarma til kroppstemperatur. Etter symjeturen kvilte pasienten i 15 til 20 minutt i eit rom med eit varmt og grunt boblebasseng («Sprudel»). Bassenget inneheldt eit lag med sand der naturleg kolsyrebehandla vatn bobla opp. Dette blei følgt opp av ei rekkje med gradvis kjøligare dusjar og basseng. Etter dette blei pasienten skrubba med varme handkle og deretter tulla inn i laken og dekt med teppe for å kvila i 20 minutt. Dette avslutta badedelen av behandlinga. Resten av behandlinga bestod av obligatorisk diett, mosjon og eit program for å drikka vatn.[7]

Europeiske spa hadde ulike andre aktivitetar for gjestene etter badet, mellom anna gambling, hesteveddeløp, fiske, jakt, tennis, dans, golf og riding. Utflukter og teateraktivitetar var andre drivkrefter for å folk til å vitja spa. Nokre styresmakter anerkjende dei medisinske fordelane ved spaterapi, og betalte tidvis ein del av utgiftene til pasientane. På slutten av 1900-talet hadde elegansen og luksusen frå tidlegare hundreår minska, men folk drog framleis til naturlege varme kjelder for avslapping, massasje og av helsegrunnar. Mange luksushotell har spa som ein del av tilbodet til gjestene. I Tyskland er det tradisjon med at delar eller heile av utgiftene for spa blir dekka av offentlege eller privat helseforsikring. Vanlegvis vil ein lege skriva ut nokre vekers opphald ved ein spa eller kurstad, sjeldan færre enn to veker, men vanlegvis fire til seks veker. Her vil pasienten bli behandla med kjeldevatn og naturterapi.[34]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Historie». Vikersund kurbad (på norsk bokmål). 
  2. Rosen, George (1954): Journal of the History of Medicine and Allied Sciences, Yale University Dept. of the History of Science and Medicine, Project Muse, H. Schuman
  3. Ayto, John (1990): Dictionary of Word Orgins, Bloomsbury Reference, ISBN 0-7475-4570-7, s. 491
  4. Tubergen, A. van; Linden, S. van der: «A brief history of spa therapy» i: Ann Rheum Dis 2002; 61 (10), s. 949-950 (PDF)
  5. «bad», Bokmålsordboka
  6. «bath», Wiktionary
  7. 7,00 7,01 7,02 7,03 7,04 7,05 7,06 7,07 7,08 7,09 7,10 7,11 Paige, John C; Laura Woulliere Harrison (1987): Out of the Vapors: A Social and Architectural History of Bathhouse Row, Hot Springs National Park (PDF). U.S. Department of the Interior.
  8. Greenhalgh, Michael: «Gymnasium, Palaestra and Bath», The Greek & Roman Cities Of Western Turkey
  9. Pausanias, Frazer, James George (2012): Pausanias's Description of Greece, Cambridge University Press, s. 478
  10. «balneum», Wiktionary
  11. Lewis, Charlton T.; Short, Charles: «balnĕum», A Latin Dictionary
  12. Geerts, Erlend: «What To Expect When Visiting a Turkish Bath or Hamam?» Arkivert 12. oktober 2015 på Wayback Machine., Wittistanbul
  13. «Arab Baths in Jaén», Medieval Histories, 26. januar 2014
  14. Coolidge, Carrie (25. mars 2013): «A Working Roman Spa», Penta Daily
  15. Florian, Charlene (16. juli 2012): «The Healing Power of Thermal Water» Arkivert 18. september 2015 på Wayback Machine., Kerstin Florian
  16. «Roman Baths, Bath» Arkivert 6. oktober 2015 på Wayback Machine., Visit Bath
  17. «Aqvae Arnemetiae, Roman Spa Town» Arkivert 17. juni 2009 på Wayback Machine., Roman-britain.org
  18. «History of bathing», Aachen.de
  19. Dougherty, Carter (22. oktober 2007): «Taking the Waters in Wiesbaden», The New York Times
  20. «Doing something good for body and health» Arkivert 7. oktober 2015 på Wayback Machine., Römertherme
  21. «Bathing in Former Glory: Budapest’s Famous Thermal Baths», The Culture Trip
  22. Osterer, Melissa (2005): «History of Resorts» Arkivert 26. mars 2016 på Wayback Machine., University of Florida
  23. Binns, Jack (3. juni 2011): «Dr Robert Wittie» Arkivert 8. oktober 2015 på Wayback Machine., The Scarbourough News
  24. Eddy, Matthew (2008): The Language of Mineralogy: John Walker, Chemistry and the Edinburgh Medical School, 1750-1800, Ashgate Publishing, Ltd., s. 70
  25. ««A Brief History of Scarborough Spa»». Arkivert frå originalen 6. oktober 2015. Henta 5. oktober 2015. 
  26. «Queen Anne 1665-1714», Bath.uk
  27. Eglin, John (2005): The Imaginary Autocrat: Beau Nash and the invention of Bath, Profile, ISBN 1-86197-302-0
  28. 28,0 28,1 Eddy, Matthew Daniel (2010): «The Sparkling Nectar of Spas: The Medical and Commercial Relevance of Mineral Water» i: Klein, Ursula & Spary, E. C. (red.): Materials and Expertise in Early Modern Europe, s. 198–226.
  29. Currie, James (1808): Medical reports, on the effects of water, cold and warm, as a remedy in fever and other diseases..., Philadelphia, fra den 4. engelske utgaven, U.S. National Library of Medicine
  30. Barrett, Stephen: «Some Notes on Dr. Batmanghelidj's Silly "Water Cure"», Quackwatch
  31. Ferre, Madeleine (22. september 2012): «Homeopatisk medisin er bare vann», Dagbladet
  32. Metcalfe, Richard (1877): Sanitus Sanitum et omnia Sanitus. Bind 1. London: The Co-operative Printing Co (Internet Archive)
  33. «Baths and Washhouses Act», Parliament.uk
  34. Kurlovene for Nordrhein-Westfalen er definert som følgende: «Eine Kur dient durch wiederholte Anwendung vorwiegend natürlicher Heilmittel nach einem ärztlichen Plan der Gesunderhaltung oder Genesung des Menschen; in der Regel ist sie mit einem Ortswechsel verbunden.» (Gesetz über Kurorte im Lande Nordrhein-Westfalen (Kurortegesetz - KOG), aufgehoben durch Art. I des Gesetzes vom 11. Dezember 2007; GV. NRW. 2008 s. 8, in Kraft getreten am 8. Januar 2008.)