Den demokratiske fronten for frigjering av Palestina
Den demokratiske fronten for frigjering av Palestina | |
![]() | |
![]() | |
Partileiar(ar) | Nayef Hawatmeh |
---|---|
Grunnleggjarar | Nayef Hawatmeh |
Grunnlagt | 1969 |
Ideologi | marxisme-leninisme-maoisme, palestinsk nasjonalisme, antisionisme, arabisk nasjonalisme, kommunisme, antiimperialisme, sekularisme ![]() |
Politisk posisjon | venstreekstremisme |
Den demokratiske fronten for frigjering av Palestina (DFLP) er ein palestinsk politisk og militær organisasjon. Han bygde før på kommunismen, men er no meir allment sosialistisk. DFLP vart skipa i 1969, som ei utbrytargruppe frå PFLP. DFLP er med i PLO.
DFLP er først og fremst aktiv mellom palestinarar i Syria og Libanon, men har òg eit visst nærvær på Vestbreidda og i Gaza.
Målet til organisasjonen har vore å opprette ein felles demokratisk stat for palestinarar og jødar, men dei har godteke forhandlingar med Israel om ei tostats-løysing, og seier ein felles stat er meir ein «visjon» for ei fjernare framtid.
DFLP har ei væpna grein, men har sidan 1970-talet teke avstand frå åtak på sivile, og berre gjort operasjonar mot soldatar på okkupert område. Sjølvmordsbombing og åtak inne i sjølve Israel tek dei sterkt avstand frå.
Ved valet i 2006 gjekk dei saman med Det palestinske folkepartiet og FIDA i venstrealliansen Alternativet (al-Badeel).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Demokratiska fronten för Palestinas befrielse» frå Wikipedia på svensk, den 30. juni 2007.