Den føderale vernetenesta i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
FSO-emblemet

Den føderale vernetenesta i Russland (russisk Federalnaja Sluschba Ochrany, FSO, kyrillisk Федеральная служба охраны) lyder direkte under den russiske presidenten, og er ein paramilitær politistyrke med ansvar for å verna statsleiinga i landet, mellom desse den russiske presidenten gjennom president-tryggingstenesta i Russlandpresident-tryggingstenesta og dessutan visse føderale eigedomar. FSO vart etablert den 27. mai 1996, men har historie attende til det sovjetiske niande direktoratet til KGB.

Tenestemenn til hest frå FSO Kreml-regiment

FSO har mellom 20 000 og 30 000 uniformerte tenestemenn, og i tillegg fleire tusen sivilkledde tenestemenn. Ein eiga avdeling, Kreml-regimentet i Kreml, ivaretar tryggleiken i Kreml og sørgjer for seremoniell støtte ved høgtidelege hendingar. FSO har vide fullmakter til å utføra overvåkning, ransaking og pågriping, og kan òg instruera andre føderale styresmakter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]