Den forsvundne pølsemaker
Regi | Toralf Sandø |
---|---|
Manus | Toralf Sandø (filmmanus) Rocambole Pedersen (roman) |
Basert på | Den forsvundne pølsemaker ![]() |
Medverkande | Leif Juster Ernst Diesen Joachim Holst-Jensen Eva Steen Eva Lunde Jens Gundersen Kristian Hefte |
Musikk | Kristian Hauger Jolly Kramer-Johansen |
Sjeffotograf | Kåre Bergstrøm |
Utgjevingsdato | 1941 |
Opphavsland | Noreg ![]() |
Språk | Norsk |
Den forsvundne pølsemaker er ein norsk komedie frå 1941 regissert av Toralf Sandø. Han var basert på ein roman av Rocambole Pedersen.
Handling[endre | endre wikiteksten]
Ein pølsemakar er forsvunnen, og privatdetektivane «Rask» og «Gløgg» må rykka ut. Etter mange hendingar blir forbryterligaen fakka, og Rask og Gløgg får si velfortente løn.
Skodespelarar[endre | endre wikiteksten]
Detektivparet blei spela av Leif Juster og Ernst Diesen. Elles medverka J. Holst Jensen, Eva Steen, Eva Lunde, Kari Heide Steen og andre.
Anna[endre | endre wikiteksten]
Jolly Kramer-Johansen og Kristian Hauger stod for filmmusikken, mellom anna slageren «Pølsemaker, pølsemaker».