Jolly Kramer-Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jolly Kramer-Johansen (7. mai 190217. september 1968) var ein norsk komponist, musikar og kapellmeister. Han skreiv filmmusikk til ei rekkje norske filmar, og var stiftar og mangeåring formann for Norsk Filmkomponist Forening.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Jolly Henry Johansen var fødd i Kristiania (Oslo) som son av Oscar Christian Johansen (1875–1932), ein vevar og oppfinnar, og Signe Otilie Johansen (1880-1963). Han gifta seg med med Valborg Elisabeth Helgestad i 1920.

Jolly Johansen lærte å spela fleire instrument, mellom anna klaver hjå Harald Hansen og orgel hjå Arild Sandvold, og studerte musikkteori og komposisjon hjå Per Steenberg og Karl Andersen. Frå 1920-åra var han kjend under namnet Kramer-Johansen. Han var musikar i Julius Csizmas orkester, ved Speilen restaurant på Grand Hotel og ved Theatercaféen. Kramer-Johansen spelte også i det første norske radioorkesteret, Hålands solistorkester, trioen Singing Players og Ønskekvartetten i NRK. Han interesserte seg også for teknologi, og spelte inn «En liten søt Hawaiipike» som ein «musikalsk spøk» der han song duett med seg sjølv og spelte alle instrumenta.

Komponist[endre | endre wikiteksten]

Frå 1930-talet komponerte Kramer-Johansen mykje filmmusikk. Han tonesette mange filmar for arbeidarrørsla, mellom anna tekstar av Rudolf Nielsen og av samarbeidspartneren Arne Paasche Aasen. Informasjonsfilmar som Norge for folket (1936) og By og land hand i hand (1937) hadde musikk av han. Vidare skreiv han musikk til spelefilmar som Eli Sjursdotter (1938), De vergeløse (1939), Tante Pose (1940), Tørres Snørtevold (1940), Vigdis (1943) og Fem år som vi så dem (1947). I filmar som Den forsvundne pølsemaker (1941) og En herre med bart (1942) samarbeidde han med Kristian Hauger. Han stod også for utvalet av musikk til Filmavisen.

Jolly Kramer-Johansen skreiv også ei rekkje kortare songar og kor- og orkesterverk som kantater. Songen «Karusell», framført av Kirsti Sparboe, vann den norske finalen av Melodi Grand Prix i 1965. Ein annan populær song var «Serenade til Mor» (1933) med tekst av T. Larssen. Av orkesterverk kan nemnast Norsk Bondebryllup, Kantate på Arbeiderpartiets 60-års jubileum (1947) og Kavalkade til Norsk Arbeidersangerforbunds 50-årsjubileum 1958.

Organisasjonsmann[endre | endre wikiteksten]

Kramer-Johansen var aktiv fagforeiningsmann, og var med i fleire musikarlag. I 1937 var han med på å stifta Norsk Slagerkomponistforening, seinare Norske Populærautorer (NOPA). I 1939 stifta han Norsk Filmkomponistforening. Han var styremedlem i fleire organisasjonar, mellom anna TONO.

Jolly Kramer-Johansen budde mesteparten av livet på Torshov i Oslo. I 1999 blei ei gate der kalla opp etter han (langs vestsida av Torshovdalen til Fagerheimgata). 1. mai 2002 blei ein byste som var utforma av sonen hans, Willy Kramer-Johansen, avduka i Torshovparken. I samaband med 100-årsdagen til komponisten blei det halde ei rekkje tilstellingar i Oslo.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

(utval)

Komponist[endre | endre wikiteksten]

Skodespelar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]