Den newzealandske sjølvstendeerklæringa
Den newzealandske sjølvstendeerklæringa (engelsk Declaration of the Independence of New Zealand, maori He Wakaputanga o te Rangatiratanga) vart underteikna av ein del nordlege maorihøvdingar i 1835, og var den første sjølvstendefråsegna på New Zealand før underteikninga av Waitangitraktaten i 1840.
Bakgrunn og underteikning
[endre | endre wikiteksten]I 1834 utarbeida den offisielle britiske representanten på New Zealand, James Busby, eit dokument som har vorte kjent som Declaration of the Independence of New Zealand. Ho vart underteikna av han og 34[1][2] maorihøvdingar frå Nordøya, mellom desse Tamati Waka Nene og brørne Te Wharerahi, Rewa, og Moka Kainga-mataa frå Bay of Islands, i Waitangi i Northland den 28. oktober 1835. Til 1839 hadde 52 høvdingar underteikna.[1]
Høvdingane underteikna denne sjølvstendefråsegna, og utpeika med det seg sjølve som representantar for ein komande sjølvstendig stat med namnet «United Tribes of New Zealand» (Dei sameinte stammane på New Zealand). Misjonærane Henry Williams og George Clarke omsette fråsegna til maori og underteikna som vitne.[3] Handelsmennene James Clendon og Gilbert Mair underteikna også som vitne.[4]
Declaration of Independence kom til som svar på uroa over lovløysa til dei britiske borgarane på New Zealand, og også på grunn av otte for at Frankrike ville erklæra suverenitet over øyene. På denne tida freista ein franskmann, Charles de Thierry,[5] som kalla seg sjølv «Charles, Baron de Tierry, Herskar over New Zealand og Konge på Nuku Hiva» (i Marquesasøyene) å etablera ein koloni på eit 40 000 acre (16 187 hektar) stort område han påstod å ha kjøpt ved Hokianga Harbour.[3] Dokumentet var òg eit resultat av rørsler i maorisamfunna, som frå 1816 og utover hadde hatt fleire høvdingar frå Nordøya på vitjing i koloniane New South Wales og Norfolk Island så vel som til England, der dei hadde drøftingar om å sameina stammane og danna eit maoristyre.
Maoriane hadde kome i gang med internasjonal handel, dei åtte handelsskip, og i 1834, året før underteikninga av sjølvstendefråsegna, hadde høvdingane valt eit flagg til bruk på skutene som kom frå New Zealand. At det var naudsynt med eit newzealandsk flagg, vart først klårt etter at handelsskipet «Sir George Murray», bygd i Hokianga, vart bringa opp av tollvesenet i hamna i Sydney. Skipet hadde segla utan flagg, eit brot på britiske sjøfartsreglar. New Zealand var ikkje ein koloni på dette tidspunktet, og hadde ikkje noko flagg. Oppbringinga av skipet vart motteken med stor irritasjon av maorifolket. Dersom det ikkje vart valt eit flagg, ville desse skipa halda fram med å verta bringa opp.[6] Flagget – som var litt endra då det vart offisielt vedteke – vart det første newzealandske flagget. Så seint som i året 1900 var det enno i bruk som eit kjenneteikn for New Zealand, og det vart bruka på den sørafrikanske krigsmedaljen, som hadde innskrifta Success to New Zealand Contingent 1899–1900[7] og som vart delt ut til newzealandske soldatar i den andre boarkrigen. Den uendra utgåva, med åttekanta stjerner og svarte innråmingar (fimbriasjonar), vert enno mykje brukt av maorigrupper.
Fråsegna seinare
[endre | endre wikiteksten]Arvehøvdingane og leiarar i stammane i den nordlege delen av New Zealand utropte med denne fråsegna opprettinga av ein uavhengig stat. Dei vart samde om årlege møte i Waitangi for å utarbeida lover, og dei baud inn dei sørlege stammane på New Zealand til å «leggja til side dei private usemjene sine» og slutta seg saman med dei.
Underteiknarane sende ein kopi av dokumentet til kong Vilhelm IV av Storbritannia (regjerte 1830–1837), der dei bad om at han ville vera vernar av den nye staten. Kongen hadde tidlegare godkjent flagget til United Tribes of New Zealand, og godkjende no Declaration of Independence, i eit brev utferda av Lord Glenelg (den britiske krigs- og koloniministeren) datert 25. mai 1836.[8].
Fråsegna vart ikkje godt motteken i Kolonisekretariatet, og det vart bestemt at det var naudsynt med ein ny politikk over for New Zealand som eit korrektiv.[9]
Det er å merkja seg at Waitangitraktaten vart inngått mellom den britiske krona og «høvdingane i United Tribes of New Zealand» i anerkjenning av deira uavhengige suverenitet som heldt fram etter 1840 i den grad at flagget til United Tribes of New Zealand vart heist under Pukawa hui (maorimøtet) då maorikongen vart utpeika i 1857.
Forklaringar av maoriteksten
[endre | endre wikiteksten]Maoriteksten i Fråsegna vart skriven av tino rangatira (arvehøvdingane) frå den nordlege delen av New Zealand, og brukar nemninga «Rangatiratanga» på sjølvstyre, og erklærer at landet er ein whenua Rangatira (sjølvstendig stat) som skal kjennast under namnet The United Tribes of New Zealand (Te Wakaminenga o nga Hapu o Nu Tireni).
Omsetjinga av den andre paragrafen er «at all overordna makt og autoritet i landet » (Ko te Kingitanga ko te mana i te w[h]enua)[4] «heilt og ekslusivt ligg hjå forsamlinga av arvehøvdingane og leiarane i stammane», uttrykt som United Tribes of New Zealand.[4]
Nemningane Kingitanga og mana vart brukte for å krevja suvereniteten i staten lagt til forsamlinga av arvehøvdingar, og det vart også erklært at inga regjering (kawanatanga) ville finnast om ho ikkje var utpeika av forsamlinga av høvdingane.
Waitangitraktaten vart inngått mellom den britiske krona og høvdingane i United Tribes of New Zealand.
Legal effekt
[endre | endre wikiteksten]Der er debatt om Fråsegna enno er gyldig på New Zealand. Dei fleste legale kommentatorar held fast på at kravet om sjølvstende berre vara fram til underteikninga av Waitangitraktaten i 1840.[10] Seinare har iwien Ngā Puhi i Northland kravt at Waitangitribunalet vurderer om stammen faktisk sa frå seg suvereniteten i 1840 då dei underteikna Waitangitraktaten.[11] Historikaren Paul Moon meiner at det er usannsynleg at stammen vil koma så mykje lenger med dette kravet fordi «stammen har misforstått korleis avtalar (traktaten) verkar».[12]
Artikkel 2 i Waitangitraktaten garanterer retten til framtidig høvdingskap til høvdingane, og eigedommen deira til land og verdiar (taonga). Artikkelen seier òg at maoriar berre kunne selja land til krona. Dei fleste newzealendarar ser på Waitangitraktaten som grunnlagsdokumentet for nasjonen New Zealand, der den formelle suvereniteten ligg hjå den britiske krona. Men sidan der eksisterer ulike versjonar av traktaten, både på maori og engelsk, og det at han er så kort, gjer at det er grunnlag for debatt om den føretrekte omsetjinga.
Faktisk sett vart føderasjonen av uavhengige stammar samanfatta i eit nytt politisk organ etter 1840, uavhengig av lovheimel eller legitimitet til denne prosessen. Dermed oppheva Waitangitraktaten Fråsegna for alle praktiske føremål; Traktaten gjev snarare enn Fråsegna det rettslege grunnlaget for krav om oppreising av historisk urett. Av denne årsaka ser statsrettsjuristar på Fråsegna som eit historisk dokument som ikkje lenger har rettsleg styrke.
Sidan oktober 2010 er Ngā Puhi sin påstand om at dei ikkje oppgav sjølvstyret ved å underteikna Waitangitraktaten under gransking av Waitangitribunalet.[13] Waitangitribunalet gjer i saka Te Paparahi o te Raki (Wai 1040)[14] granskingar om korleis maoriane og krona har forstått He Whakaputanga o te Rangatiratanga / The Declaration of Independence of New Zealand i 1835 og Te Tiriti o Waitangi/Waitangitraktaten i 1840.
Mange av argumenta som vert brukte er skisserte i historikaren Paul Moon si bok frå 2003 , Te Ara Ki Te Tiriti: The Path to the Treaty of Waitangi (Vegen til Waitangitraktaten), der ein av påstandane er at medan underteiknarane på maorisida ikkje meinte å overføra sjølvstyret, ønska heller ikkje korkje den britiske regjeringa eller James Busby å tileigna seg dette, og at utviklinga og grunngjevingane som har ført fram til den noverande stoda, har kome til seinare.[15] Ei vanleg tolking av Fråsegna som Ngā Puhi hevdar, er at den britiske regjeringa berre godtok eit faktisk maorisk sjølvstende, og enkelt nok vidareførte eit sjølvstende som hadde vore der frå «uminnelege tider»[16]. Det er rekna med at høyringane vil vara mellom fire og seks år, og kan koma til å tena som ein alvorleg presedens for alle maoristammar dersom Tribunalet anerkjenner sjølvstendet til Ngā Puhi.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Taming the pre-1840 frontier – The British Resident». nzhistory.net.nz. Henta 28. april 2013.
- ↑ «Declaration of Independence - taming the frontier?». nzhistory.net.nz. 27. mars 2013. Henta 28. april 2013.
- ↑ 3,0 3,1 Caroline Fitzgerald (2011). Te Wiremu – Henry Williams: Early Years in the North. Huia Press. ISBN 978-1-86969-439-5. 261
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «The Declaration of Independence». Omsetjing frå Archives New Zealand, New Zealand History online. Henta 28. april 2013.
- ↑ J.D. Raeside (1. september 2010). «Thierry, Charles Philippe Hippolyte de – Biography». Dictionary of New Zealand Biography. Henta 28. april 2013.
- ↑ «United Tribes flag». History of the New Zealand Flag. New Zealand: Ministry for Culture and Heritage/Manatū Taonga. 28. juni 2012. Henta 22. april 2013. «Without a flag to represent the new nation, trading ships and their valuable cargoes would continue to be seized»
- ↑ «South African War medal Caption to photo». Alexander Turnbull Library: Ministry for Culture and Heritage. 20. desember 2012. Henta 28. april 2013.
- ↑ The Lord Glenelg (25 May 1836), «EXTRACT of a DESPATCH from Lord GLENELG to Major-General Sir RICHARD BOURKE, New South Wales», skriven den London, Documents > Declaration of Independence, Christchurch: Waitangi Associates, henta 28. april 2013
- ↑ Paul Moon (5. oktober 2010). «Paul Moon: Agreement long ago left in tatters». Henta 28. april 2013.
- ↑ «Declaration of Independence – taming the frontier?». NZ History.net. Henta 28. april 2013.
- ↑ «Independence Daze». The Listener. 25. juni 2010. Henta 28. april 2013.
- ↑ «Professor questions Ngapuhi claim». TVNZ. 18. juni 2010. Henta 28. april 2013.
- ↑ Michael Field. «Hearing starts into Ngapuhi's claims». Hearing starts into Ngapuhi's claims. Farifax New Zealand. Henta 28. april 2013.
- ↑ Te Paparahi o Te Raki (Northland) inquiry, Waitangi Tribunal, arkivert frå originalen 11. oktober 2011, henta 28. april 2013
- ↑ «Book lies at the heart of Ngapuhi's sovereignty». Book lies at the heart of Ngāpuhi's sovereignty. Sky News New Zealand. Henta 28. april 2013.
- ↑ «joshua hitchcock sets the record straight regarding ngapuhi, sovereignty, and legal pluralism in new zealand 03aug10». joshua hitchcock sets the record straight regarding ngapuhi, sovereignty, and legal pluralism in new zealand 03aug10. settlercolonialstudies.org. Henta 28. april 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Declaration of the Independence of New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
Originaltekst av Den newzealandske sjølvstendeerklæringa ved Wikisource. |
- Declaration of Independence at the Constitution Room of Archives New Zealand
- Text of the declaration
- CIA World Factbook – New Zealand Arkivert 2013-02-27 ved Wayback Machine.
- Biography of chief Moka Te Kainga-mataa; signatory to the Declaration of Independence, Hobson's Proclamations, and a participant in the Treaty of Waitangi discussions.