Vilhelm IV av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vilhelm IV av Storbritannia

Vilhelm IV (21. august 176520. juni 1837), tysk Wilhelm IV Heinrich, engelsk William IV Henry, var konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland og kongeriket Hannover frå 26. juni 1830 til han døydde. Han fekk tilnamnet Sjømannskongen. Slekta til Vilhelm IV var av fyrstehuset Hannover.

William var kong Georg III av Storbritannia sin tredje son og ein yngre bror av kong Georg IV av Storbritannia.

Frå 1791 til 1811 budde han saman med den irske skodespelerska Dorothy Jordan. Saman fekk dei ti barn. I 1818 gifta han seg med Adelheid av Sachsen-Meiningen. Døtrene deira overlevde ikkje barndomen og Vilhelm IV hadde dermed ingen direkte tronfylgjar.

Han vart etterfylgd på den britiske trona av brordottera, Victoria av Storbritannia. I Hannover var det ikkje tillete med kvinneleg tronfylgje, der vart han etterfylgd av broren Ernst August I av Hannover.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Vilhelm sin offisielle tittel i Storbritannia medan han var konge var: William the Fourth, by the Grace of God, of the United Kingdom of Great Britain and Ireland King, Defender of the Faith». ('Vilhelm den fjerde, av Guds nåde, konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, forsvarar av trua').