Den russisk-estiske Tartu-traktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den russisk-estiske Tartu-traktaten, au kalla Freden i Tartu eller Freden i Dorpat (estisk: Tartu rahu), er namnet på fredsavtalane som i 1920 blei inngått mellom Sovjet-Russland og Estland der sjølvstendet til desse landa blei anerkjent. Avtalen mellom Sovjet-Russland og Estland blei inngått i byen Tartu 2. februar 1920. Den russisk-finske Tartu-traktaten mellom Sovjet-Russland og Finland blei underteikna 14. oktober 1920.

Fredsavtale mellom Sovjet-Russland og Estland[endre | endre wikiteksten]

Fredsavtale mellom Sovjet-Russland og Estland blei inngått 2. februar 1920. I avtalen går Russland god for Estlands sjølvstende «for evig tid». Godkjenninga var den fyrste de jure internasjonale godkjenninga av Estland og bana veg for godkjenning frå andre land. Fredsavtalen trekte opp grensa mellom Estland og Russland. Avtalen la vidare til rette for at estarar i Russland fekk høve til å vende tilbake til Estland, med tilsvarande rettar for russarar i Estland. Russland gjekk i avtalen med på å slette all estisk gjeld. Traktaten forplikta også Russland til å betale Estland ein sum tilsvarande landets del av Russlands gullreservar. Estland fekk rettar til utnytting av skog i Russland, samt å bygge ei jernbanelinje frå grensa til Estland og til Moskva. mens Russland fekk etter avtalen rett til å etablere ei frihamn i Estland og til å bygge ein kraftstasjon i Narvaelva. Etter avtalen skulle også Russland tilbakeføre kulturgods som hadde blitt ført frå Estland til Russland i løpet av krigsåra.

Avtalen blei frå estisk side underteikna av Jaan Poska, frå sovjet-russisk side av Adolf Ioffe.