Narvaelva
Narva | |||
elv | |||
Narva med Narva slott til venstre og Ivangorod slott til høgre
| |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 53 000 km² | ||
Lengd | 77 km | ||
Middelvassføring | 400 m³/s | ||
Kjelde | Peipus | ||
- høgd | 30 moh. | ||
Munning | Finskebukta | ||
![]() Narvaelva | |||
Wikimedia Commons: Narva River | |||
Narva (estisk Narva jõgi) eller Narova er ei elv som renn langs grensa mellom Estland og Russland. Ho har sitt utspring frå innsjøen Peipus, og renn gjennom byane Narva/Ivangorod og Narva-Jõesuu, og ut i Narvabukta, som er ein del av Finskebukta i Austersjøen. Narvareservoaret er ein kunstig innsjø (191 km²), som vart oppretta i 1956. Lengda på elva er 77 km, og har ei gjennomsnittleg breidd på 300 meter og ei djupn på 5 meter. Den største sideelva hennar er Pljussa.
Elva har gjeve namn til Narva-kulturen.