Den som i alt lèt Herren råde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Den som i alt lèt Herren råde» er ein salme på sju vers, skriven av Georg Neumark i 1641 og omsett til norsk av Kari Arnestad i 1973. Salmen står som nr. 459 i Norsk salmebok (1985). Salmen var først publisert av Neumark i 1657 i «Fortgepflanzter Musikalisch - poetischer Lustwald» under originaltittelen Wer nur den lieben Gott lässt walten.

Salmen vart snart omsett til dansk av Rostgaard og stod på trykk i Guldbergs salmebok med innleiingsstrofe «Hvo ikkun lader Herren raade»: Teksten vart i omarbeidd og nedkorta versjon også i Evangelisk-christelig Psalmebog. I Hauges salmebok og i Landstads salmebok står han i Rønnings versjon – hos Landstad med nokre endringar, m.a. opnar han med orda «Hvo ene lader Herren råde». Neumark var knapt tjue år gammal då han komponerte denne salmen, under trettiårskrigen. Teksten er skriven til trøst og rettleiing. Melodien er det Georg Neumark sjølv som har komponert, same året som salmen vart dikta. Tonen er seinare brukt til fleire andre salmer. I norsk tradisjon er melodigangen endra noko i siste verseline.

Johann Sebastian Bach har komponert eit orgelstykke til melodien, BWV 642.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Nytt norsk salmeleksikon» Trondheim 2011